IMG_6729_1024x683

Glimt fra generalprøven!

Inviterer til «Jentedassen»

Tirsdag opnar ungdomsgruppa i drama ved Kulturskulen dørene til «Jentedassen» og let publikum få eit unikt innblikk i kva som går føre seg der under ein tilsynelatande ordinær elevfest ved skulen. Og det er ikkje reint lite, det kan vi love etter at generalprøven på dramaet no vel er over……..!

IMG_6729_715x477.jpg

Jentene støttar venninne med kjærleikssorg. Alle foto: Norunn Holten

Drikkepress, vennskap, kjærleik, konformitetspress, intriger og sjalusi er viktige tema som blir tatt opp i det omlag timelange dramaet «Jentedassen», skrive av Jo Wintervoll. Jentedassen er staden der jentene trekkjer seg tilbake og viser følelsane bak maska dei har på inne i festlokalet. Det er her konfliktene boblar til overflata og intrigene når sitt klimaks, men det er også her nye vennskap kan oppstå.

Det er ungdomsgruppa i drama ved Kulturskulen for indre Nordmøre som sidan sist haust har øvd inn det stadig like aktuelle dramaet. Instruktør Gerd Ingrid Kvendset fortel at dramaet er omskrive til Surnadalsdialekt, og at språk og slang er oppdatert for å få eit tidsriktig preg. No er greneralprøven over, og skodespelarane, alle frå 7. og 8. trinn, er klare til å ta imot publikum i Storstuå. Klokka 12 er det klart for forestilling for medelevar ved ungdomsskulen. Klokka 18 er det open forestilling der alle interesserte kan møte. Det er gratis inngang, så her er det ingen grunn til å bli sitjande heime!

Fleire glimt frå forestillinga under:

IMG_6714_715x477.jpg

IMG_6715_715x477.jpg

IMG_6734_715x477.jpg

Alle skodespelarane samla for ein siste" pep talk" på scenekanten.