Picasa

Invitasjon til ope møte om "tungbilbergar" på Nordmøre

 

Invitasjon til  ope møte om ”tungbilbergar” på Nordmøre.

 

Stad: Thon Hotell Vårsøg,  Surnadal

Tid: Måndag 2.12.2013  kl. 18.30

 

På vegne av Surnadal kommune v/ordføreren inviterer vi til eit møte om beredskap for ”tungbilberging” på Nordmøre.

 

Bakgrunn for saka er at Rognskog Bil A/S  i Rindal har sagt opp sin avtale med Viking Redningsteneste om berging av tyngre kjørety. Ein lokal aktør her i Surnadal har sagt seg villig til å kjøpe tungbergar og oppretthalde same beredskap som før. Han har òg gjeve Viking eit tilbod for vidare drift.  

 

Viking har no takka nei til tilbodet, og meiner beredskapen blir ivareteke av tilbodet dei kan gje på Orkanger.
 

Næringsliv, kommunar og naudetatar på Nordmøre er svært uroa over denne løysinga, og fryktar at liv og helse kan gå tapt grunna lang responstid.

 

Ordføraren i Surnadal har i dag teke initiativ til eit møte om saka kor ein kartlegg konsekvensar for eit Nordmøre utan ”tungbergar”.

 

 

 

Foreløpig agenda på møtet:
 

Velkommen og bakgrunn for møtet v/ordføreren

Prosjektleiar Reidar Brøske orienterer om arbeidet fram til nå og status i saka

Innspel frå transportbransjen og betydninga for eit lokalt/regionalt tungbilbergings-tilbod

Innspel frå beredskapsaktørane om betydninga for eit lokalt/regionalt tungbilbergingstilbod frå eit beredskapsperspektiv

 

Diskusjon i plenum og forhåpentligvis ei skisse for vegen videre.


Møtet er ope for alle interesserte.

 

 

Les om saka i Driva HER.