Innsats mot kjempespringfrø
Fylkesmannen har leigd inn mannskap frå Halsa bygdeservice for å bekjempe kjempespringfrø i Rindal og Surnadal. I desse dagar er dei ute i felt i Rindal.
Kjempespringfrø er ein framand art i Noreg med svært høg risiko i naturen. Planten invaderer grøftekantar, bekkefar og enger, og konkurrerer ut alt som veks der frå før. Planten formeirar seg berre med frø. Ein plante kan skyte opp til 4000 frø om lag 7 meter ut. Frøa har god spireevne, og kjempespringfrø kan invadere store areal relativt raskt. Frøa kan også bli frakta til nye område med jordmassar, med vatn eller ved kantslått og liknande.
Kjempespringfrø er ein eittårig plante med svakt rotsystem, så vi har eit håp om å bli kvitt plantane når den no blir kappa før blomane utviklar seg og set frø.
Førekomstane blir kappa ned , men må følgast opp og kappast utover i sesongen da dei kan sette nye blomster lenger ned på stilken etter nedkapping. Seinare i sesongen kan det bli aktuelt å sprøyte med plantevernmiddel. Om vi held auge med områda dei neste par-tre åra, vil vi klare å få bukt med plantane. Bekjempinga startar øvst i vassdraga, og mannskapet vil arbeide seg nedover dalen så langt dei kjem før blomstringa tek til.
Vi vil oppmode private til å fjerne plantane frå eigen hage om dei står slik at dei kan spreie seg ut frå hagen. Plantemateriale kan leggast igjen på staden om planten ikkje har kome i blomst og om den ikkje ligg slik at den er i kontakt med vatn. Plantar med blomster må leggast i tette sekkar og leverast til forbrenning. Før plantane blomstrar kan ein slå/klippe dei ned med jamne mellomrom slik at dei aldri får utvikla blomster. Frøa er spiredyktige i to år, så områda må følgjast opp i tre vekstsesongar. Utstyr og reiskap må reingjerast før dei blir brukt i andre område utan kjempespringfrø.
Veit du om at det veks slike plantar andre stader enn der mannskapet har vore så er det fint om du seier i frå til Fylkesmannen på tlf 71 25 84 69 eller på e-post maria.aastum@fylkesmannen.no.
Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.