Innhaldsrikt kyrkjeår i Rindal
Denne søndagen, Maria Bodskapsdag, er tradisjonelt dagen for årsfesten til Rindal menighet. Hovudtema i år var trusopplæring ved trusopplæringsmedarbeidar Elsa Jensvold, og orientering om flyktningane som skal busettast i Rindal ved flyktningekonsulent Odd Are Moe.
Som vanleg fekk vi ei fyldig årsmelding om arbeidet det siste året frå kyrkjeverge Ingeborg Nordlund, og ho fekk takk og blomster frå soknerådsleiar Kjellaug Foseide. Dette er første året med ny salmebok og salmebok på skjerm i Rindal kirke, Rindal Bedehus vart Rindal Menighetshus, vedtak vart gjort om at menighetshytta Skarheim skal selgast, og brann i tårnet på Rindal kirke! Johan Helgetun er soknerådet sin bygningsansvarlege. Han orienterte om arbeidet med gjenoppbygginga av tårnet.
Vi fekk også fin song frå Ungdomskoret og andakt ved Lene Prest.