Bilde4

Innhaldsrik 4H-helg

 

Ei innhaldsrik helg for 4H Møre og Romsdal!

I løpet av 2 intense dagar har vi i 4H Møre og Romsdal gjennomført årsmøteseminar fredag kveld (27delt.), årsmøte laurdag formiddag (54delt.), Plakettfest og årsmøtemiddag laurdag ettermiddag (110delt.) Alt i regi at 4H Møre og Romsdal, Moral 4H og Lynet 4H i Malmefjorden som stod for alt det praktiske rundt årsmøtet og festmiddag.

Årsmøteseminar

Fredag kveld kom dei første 4H-medlemma til BUL-hytta på Skaret der dei på ulike måtar blei satt inn i årsmøtesakene og fekk trene på korleis ta ordet i ei forsamling, samt det å stå på talarstolen. I tillegg til det faglege dei fekk med seg set ungdomane pris på det å få samlast frå ulike klubbar i heile fylket. Berit Fredriksen og Ingrid Otnes var ansvarlig for kurset. Og alumnklubben i fylket Moral 4H sto for mat til deltakarane.

Årsmøte

Laurdag morgon kl 11.00 gjekk «startskotet» for årsmøtet til 4H Møre og Romsdal i regi av Aud Solveig Malmedal som var ordførar og Gunnhild Krekvik frå Eide, leiar i fylkesstyret. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene hadde fylkesstyret utarbeid gruppeoppgåver, der det blei bedt om tilbakemelding på korleis vi kan gjer ting betre.

Av dei 55 årsmøtedeltakarane var over halvparten av desse under 18 år.

Den siste saka på sakliste var for mange den mest spanande og i år var det mange kandidatar som var på val. Det blei valt inn ny leiar, ein ny styremedlem, og to styremedlemmar som tok gjenval, to nye vararepresentantar, eit nytt medlem i valkomiteen. I tillegg vart det valt to utsendingar frå fylket til å reise på landsmøtet til 4H Norge i juli.

Det nye styret ser no slik ut:

Ordfører: (1år) Aud Solveig P. Malmedal attval

Varaordfører: (1 år) Lina Marie Bjørkedal ny

Leiar: (1 år) Berit Fredriksen tidl.styremedlem

Styremedlem (2år) Gunnhild Krekvik tidl. leiar

Styremedlem (2 år) Dag Hennum attval

Styremedlem (1 år) Martin Noe Krakeli ny

 

1. vara (1 år): Jørgen Malmedal ny

2. vara (1 år): Sunniva Gjøen Rydjord attval

3. vara (1 år): Mari Bøe ny

 

Plakettfest, Årets klubb

Etter årsmøtet ankom plakettmottakarane, dei som har fullført minst 7 år med 4H-prosjekt og vore aktive i sin lokale 4H-klubb, til festen der dei i følgje med foreldre var hovudgjestane. Etter middag fekk dei utdelt «4H-plaketten» og 4H-vitnemålet som viser kva verv dei har hatt i klubben opp gjennom og kva prosjekt dei har gjennomført. Landbruksdirektør Frank Madsøy delte ut plakettane og presiserte at 4H-vitnemålet må dei bruke for alt det er verdt i møte med potensielle arbeidsgivarar. Det er nemlig eit bevis på at dei har stå-på-vilje og er engasjerte medborgarar. Amanda Solli Eide frå Eide heldt tale på vegne av plakettmottakarane og peikte på alle dei lærdomane dei ubevisst har fått med seg frå 4H-arbeidet som allereie har starta å kome til nytte i andre delar av livet.

Under middagen delte vi også ut prisen til «Årets klubb 2015». Det var Freidig 4H frå Bjørkedalen i Volda kommune som i år fekk utdelt prisen på bakgrunn av at dei har hatt eit aktivt år med mykje aktivitetar i friluft for store og små. Dei utmerkar seg og veldig positivt på våre fylkesarrangement, og i 2015 har dei deltatt på alt vi har arrangert.

Det blei og delt ut premier til dei klubbane som har delteke på fylkets dyrkingskonkurranse, her gjekk Straumen 4H frå Sykkylven av med hovudpremien. Som var 5000 kr til miljøfremmande tiltak i klubben.

Bilde frå helga fyljer under:

Årsmøteseminaret:

Bilde1_690x460.jpg

Bildetekst: Oda Elise Åkre Grimstad, Storm 4H, Inga Lena Dyrhaug Morsund, Regnbuen 4H, Isabelle Sandblåst, Ruggå 4H og Erika Elisabeth Flønes-Kalvøy, Liljen 4H.

Bilde2_690x460.jpg

Bildetekst: Organisasjonsoppbygninga blir diskutert.

Bilde frå årsmøtet:

Bilde3_690x460.jpg

Presentasjon av gruppearbeidet på årsmøtet. Audun Elvanes (Kleggen 4H) legg fram det gruppa har kome fram til.

Bilde frå plakettfesten:

Bilde4_690x387.jpg

Årets plakettmottakarar som var tilstade: Bak FV: Lars Almar Dale Mathisen -Romsdalshorn 4H, Sondre Aahjem Løvold –Elvablikk 4H, Karen Helset –Freidig 4H, Eli Janne Husøy Gunnarstein –Tareholmen 4H, Sveinung Rydgjord –Kråkefot 4H,Tor Håkon Wadsten Utigard –Vårsol 4H, Mikal Olai Hjørungdal –Kleggen 4H, Ingrid Megård –Halsa 4H, Mali Sæther Gjengsø –Røsslyngen 4H, Ingvild Mjelva –Romsdalhorn 4H,

Framme FV: Amanda Haugland Bjørkedal –Freidig 4H, Josefine Kvalsvik –Mulevika 4H, Lars Kvam Karbø –Fjellrosa 4H, Nikoline Naastad –Vårsol 4H, Anita Høgstad –Fale 4H, Frida Graven –Fossekallen 4H, Amanda Solli Eide –Regnbuen 4H, Henriette Solli –Futt 4H, Bård Larssen Helde –Ørn 4H

Årets klubb 2015

Bilde5_690x460.jpg

Her blir prisen overrekt til Årets Klubb. I tillegg til diplom og vandrepokal fekk dei eit gåvekort. FV: Elise Helset, Marte Haugland Bjørkedal, Sander Bjørkedal(alle frå Freidig 4H) Landbruksdirektør Frank Madsøy delte ut.