
Pressemelding frå Surnadal kommune:
Ingen nye smittetilfelle
Kommuneoverlegen har så langt ikkje fått påvist fleire nye smittetilfelle i dag. Dette er status pr. kl. 17:50 søndag kveld.
Kommuneleiinga vil komme med ei pressemelding etter eit statusmøte i morgon, måndag.
Det blir da teke stilling til kor raskt vi kan opne opp att stengde avdelingar/trinn.
Eventuelle fleire nye påviste smittetilfelle vil bli inkludert i denne pressemeldinga.
Smittesporingsarbeidet pågår framleis med nokre få lause trådar.
Med vennleg helsing
Bjørn Buan
Kommuneoverlege
Foto: Alissa Eckert, CDC.