Frisklivssentralen liten logo_150x40

Informasjonsmøte om Frisklivssentralen

Surnadal Kommune v/Helse og Familie ønskjer å invitere alle lag og organisasjonar, private og kommersielle aktørar som driv med fysisk aktivitet, fritidstilbod og helsefremming, til eit infomasjonsmøte om frisklivssentralen.

Under folkemøtet om Samhandlingsreformen i Orkangerregionen (SiO) som blei arrangert tidlegare i år, vart det frå deltakarane lagt stor vekt på førebyggjande arbeid i kommunen. Eit konkret tiltak som vart nemnt der, var frisklivssentral. Saman med eit prosjekt gjennom ”Inn på Tunet-løftet”  startar difor helseavdelinga i kommunen no opp frisklivssentral frå førstkommande måndag, 15. august.

Vi ønskjer i samband med dette å invitere dykk til eit informasjonsmøte:

ONSDAG  24. AUGUST kl. 19.00 i KOMMUNESTYRESALEN
 
Vi ønskjer på dette møtet å informere om kva frisklivssentralen er,  og sjå om vi kan ha gjensidig nytte av eit samarbeid. For å få eit godt tilbod til våre brukarar  må vi ha oversikt over tilbod som er i kommunen.  Det er eit mål for sentralen at alle brukarane etter kvart  sjølv skal finna sin eigen måte å halde seg i aktivitet på. Om det er å byrja på treningssenter, melde seg inn i eit idrettslag/lag eller drive eigentrening- dette vil vere ulikt frå  brukar til brukar. 

Vel møtt !