Surnadal formannskap 3_350x233

Forlengjer avtalen med Profero

Formannskapet i Surnadal har vedteke å forelenge samarbeidsavtalen med Profero ut 2011, og utviklingsselskapet får innvilga eit tilskot på 800.000 kroner til gjennomføring av nærings- og samfunnsutviklingstenester. Dette skjer til tross for at næringssjef Harald Bredesen i formannskapsmøtet tirsdag orienterte om at kommunen står i fare for å få problem med likviditeten i næringsfondet.

Rådmannen hadde innstilt på å forlenge avtalen med Profero ut første halvår i år, tilsvarande 400.000 kroner. Men eit einstemmig formannskap gikk inn for å la avtalen gjelde ut året.

Dei 800.000 kronene skal hentast frå Surnadal kommune sitt næringsfond. Fondet skal i 2011 gjere fleire utbetalingar som er vedtekne tidlegare år, og får i tillegg ikkje "påfyll" før mot slutten av året. Til tross for likviditetsorienteringa frå næringssjefen, vedtok altså formannskapet å vidareføre avtalen med Profero ut 2011.

Profero har i snart 14 år vore ein tett partner med Surnadal kommune i nærings- og utviklingsarbeidet. Selskapet vart etablert etter initiativ frå Surnadal kommune og har delvis vore finansiert gjennom årlege overføringar frå næringsfondet. Sjølv om selskapet dei siste åra meir og meir har dreid over på å drive kommersielt, er det framleis avhengig av å få utføre kommunale utviklingsoppgåver finansiert med eit kommunalt bidrag.

"Å arbeide i grensesnittet mellom kommersiell drift og operere som ein fri resurs som kan ta tak i nærings- og samfunnsutviklingssaker er ein krevjande balansegang. Selskapet har hatt fleire daglege leiarar, noko som må seiast å ha vore ei ulempe for selskapet, da slike hyppige leiarskifte skapar uro og hindrar gode, langsiktige relasjonar til kundar og eigarar", heiter det i saksutgreiinga frå næringssjef Harald Bredesen.

Den seinare tida har ein kome fram til at utviklingstenestene som Surnadal kommune ønskjer å kjøpe utanfrå/eksternt, bør konkurranseutsettast for å imøtekome lovverket om offentleg innkjøp.

"Nærings- og samfunnsutvikling er prioriterte områder i dei fleste kommunar, så også i Surnadal. Noen løyser det reint offentleg, andre gjennom ulike former for samarbeid. I Surnadal vil ein ved denne modellen løyse det gjennom eit samspel mellom fleire partar på tvers av dei formelle strukturane. Dette er ei dristig øving, men også den som vil fungere best når kvar av disse partane kjenner og tek sin del av ansvaret for utviklingssamfunnet", heiter det i sakspapira.

Den kommunale næringsplana til Surnadal vil stå sentralt, men vil ikkje bli vedteken før ut på våren 2011. Difor meinte rådmannen og næringssjefen at ei vidareføring av avtalen frå 2010 på eit halvt år ville vere fornuftig i første omgang.

I tillegg til å forlenge Profero-avtalen ut 2011, gikk formannskapet også inn for at Surnadal kommune skal forlenge avtalen med Profero om drift av Studiesenteret Halsa Surnadal fram til oppdraget skal ut på anbod frå 1. august 2012. Det må uansett ei ny handsaming av saka, da rådmann Geir Vikan opplyste poltikarane om at det no ikkje er kostnadsdekking i budsjettet.