grundercamp2013_550x762

Imponerte på Grundercamp

Måndag 17. og tysdag 18. juni var det Grundercamp for vg1-elevane på Surnadal vidaregåande skole. Tema for campen var «Miljø», og bildet viser ein gjeng glade vinnarar saman med juryen og ordførar Mons Otnes. Elevane på vinnarlaget vann billettar til konserten med Vinni i Surnadal Kulturhus i november.

Oppgåva var slik:

Året er 2030 og Surnadal kommune er blitt kåra til årets miljøfyrtårnkommune, begrunninga for dette er nytenking innan teknologi, enøk, avfallshandtering, berekraftig bruk av lokale naturressursar, helse, reiseliv og fritidstilbod til unge og eldre.

Med bakgrunn i dette skal de skape ein forretningside som er gjennomførbar og lønnsam.

Elevane vart delt inn i grupper, og brukte måndagen til å utarbeide ein forretningside. Tysdag var kvar gruppe inne til dommarane for å leggje fram sitt prosjekt. Juryen bestod av Maret Heggset (Surnadal Sparebank), Harald Bredesen (Surnadal kommune), Johan Almås (Surnadal vgs), Oddrun Persdotter Fiske (Miljøretta helsevern), Geir Settemsdal (Svorka AS) og Jon Tronvoll (Retura).

Etter at alle gruppane hadde lagt fram sin forretningsidè for juryen, vart dei tre beste premiert. 1.premien var billettar til konserten med Vinni i Surnadal Kulturhus i november. Premien var sponsa av Surnadal kommune. 2.premien var ein gåvesjekk frå Surnadal Sparebank på 250,- til alle på gruppa, og 3.premien var gåveartiklar frå Svorka AS . Den gjevaste premien gjekk til gruppa som kalla seg «Trollheimen naturmedisin». Dei hadde ei plan om å etablere ein medisinsk urtehage i Surnadal sentrum, og klarte kunsten å begeistre juryen – Dette var gruppa som imponerte mest, og dei presenterte ein ny og spenstig forretningsidé som er muleg å gjennomføre, og som passar alle aldersgruppar, konkluderte juryen.

Det var ordfører Mons Otnes som delte ut premiane, og han var imponert over elevane – Eg er mektig imponert over det de har fått til på så kort tid, men eg er ikkje overraska. Eg veit at det er mange dyktige ungdommar her på huset, seier Otnes.

På vinnarlaget var Maren Berg, Oda Emilie Hoem, Maren Rønning, Bjørn Asgeir Mikkelsen og Åge Reidar Bævre.

Lærarane Liv Marit Berset og Per Egil Fiske er personane bak gjennomføringa av Grundercampen på Surnadal vidaregåande skole, og begge fortener ros for sin innsats desse dagane.

Surnadal vidaregåande skole er medlem av Trollheimsporten. Sjå alle medlemmar, og få informasjon om medlemskap her.

www.surnadal.vgs.no

Åge Reidar Bævre frå vinnarlaget, og Harald Bredesen og Johan Almås frå juryen er ikkje med på bildet.

grundercamp2013_615x852.jpg