Imponert over Rindal skimuseum
Jon Olav Ørsal i Todalen har besøkt museumet, og vart veldig imponert over det han fekk sjå. Ørsal, som er ein av skribentane på www.todalen.no skriv følgjande på nettportalen: "Det nye skimuseet har fått med seg heile den lokale skihistoria, samtidig som dei har teke vare på industihistoria og presenterte dette på ein fin og balansert måte i det nye skimuseet. Eit besøk der kan absolutt anbefalast!"
Vidare skriv Ørsal: "Det bygningsmessige er det rindalsarkitekten Inger Anne Landsem som står attafor, og spesielt vart vi imponert over den gamle bygningsdelen, der det er teke vare på dei gamle tømmerveggane samtidig som det er sett opp nye glasveggar innafor. Det var både ei fin og smart løysing for å få den rette stemninga. Museumsbygget er i to etasjar, der underetsjen har den permanente utstillinga av maskiner, ski og skiutstyr flotte og kreative utstillingar og med eit innslag av både audiovisuell og mekanisk informasjon. I overetasjen var det stillt ut premiesamlingar og mange artige effekter knytta til skisporten. For den som har levd ei stund var det veldig artig å sjå att mykje av ustyr, skismøring og anna utsyr som var i bruk frå 50-talet og utover."
Du kan lese heile saka og sjå mange fine bilde på www.todalen.no