Idrettsfesten nærmar seg
Det er no berre knapt ei veke att til Surnadal Idrettsråd i samarbeid med Surnadal kommune arrangerer Idrettens Festkveld. Laurdag 8. februar klokka 19.00 er det duka for fest i Surnadal kulturhus.
Magne Hansen fikk publikums hederspris på idrettsfesten i 2013.
Under Idrettens Festkveld får publikum servert eit variert program, med mellom anna ein høgtideleg innmarsj, der alle medlemslaga i Idrettsrådet er representerte. I tillegg vert det flott underhaldning ved Torstein Snekvik og Johan Øiestad, medan konferansier Svein Sæter bind det heile saman. I pausa vil det verte servert frukt og drikke. Inngang kostar 250 kroner for vaksne og 150 kroner for barn.
Inngangsbilletten fungerer og som eit lodd, og vi kjem til å trekkje ut fine premiar, seier leiar i Idrettsrådet, Ella Bolme, og ramsar opp premiane:
Ein kan vinne kinobillettar, fri inngang på eit valfritt kulturarrangement i Surnadal kulturhus og ikkje minst årskort i Surnadal Alpinsenter 2014/15.
Fleire gjeve prisar skal delast ut under Idrettens Festkveld, mellom anna Publikums Hederspris, som vert avgjort av ei avstemning i samarbeid med Driva. Den vert avslutta onsdag 5. februar.
Vi oppmodar alle til å stemme i veg no medan avstemninga framleis pågår, seier Bolme, som håpar på stor oppslutning.
Bilete er henta frå idrettsfesten 2012 der Surnadal taekwon-do klubb fekk viste fram noko av det dei kan.
I fjor kom det 160 tilskodarar, og vi håpar på endå fleire i år. Det er viktig at folk får sjå breidda av aktiviteten vi driv med i kommunen. Vi har alt frå turløyper og trimpostar til meir organisert aktivitet, og har difor eit mangfaldig tilbod til innbyggjarane våre. Det ønskjer vi å vise fram til folk.
For bestilling av billett gå hit: http://www.billettluka.no/surnadalkulturhus