Bilde til Idrettens Festkveld ingress

Idrettens festkveld

8. februar arrangerer Surnadal Idrettsråd Idrettens Festkveld, i samarbeid med Surnadal kommune. Dei inviterer til ein festkveld i Storstuå i Surnadal kulturhus, der lokale idrettsprofilar skal heidrast gjennom utdeling av prisane «Årets prestasjon», «Årets ildsjel» og «Publikums hederspris». I tillegg vert det flotte underhaldningsinnslag og ein staseleg innmarsj med to medlemmer frå kvar av dei 13 medlemsklubbane i idrettsrådet.

 

Bilde til Idrettens Festkveld.jpg

 

Arrangementet er lagt opp til å vere ein kveld som passar godt for heile familien. Programmet, som vert offentleggjort fredag 24. januar, er planlagt å vare i to timar, med ein pause midt i. Billettane er no lagt ut for sal, og kostar 250 kroner for vaksne og 150 kroner for barn.
 

Leiar i Surnadal Idrettsråd, Ella Bolme, håpar på god oppslutning:
 

– Vi ønskjer å vise breidda i aktiviteten i bygda, og vise at alle har ei mulegheit til å vere med. Gjennom Idrettens Festkveld vil vi samtidig heidre dei som legg ned ein innsats, og som kanskje ikkje er så synlege til vanleg. Vi vil vise at folk set pris på dei, og dei mange gode tilboda vi har her i bygda, seier ho.
 

For meir informasjon om Surnadal Idrettsråd, Idrettens festkveld og vidare framdrift fram mot 8. februar, kontakt leiar i idrettsrådet, Ella Bolme, på tlf. 913 44 071.