Dugnadsgjeng Todalsdagen foto Jens O E Moe

I rute til Todalsdagen

Todalsdagen er ein stor og viktig dag for Todalen. Torsdag var ein blid gjeng samla for å forberede siste del av grillmaten som skal serverast på laurdag.

Tekst og foto: Jens Olav Edvardsson Moe.

Dugnadsånd er viktig og torsdag kveld var 15 personar samla for å lage rundt 900 grillspyd til Todalsdagen. Grillspyda er laga av kjøtt frå svin, kylling og lam. Til saman er det bruka rundt 55 kg kjøtt og 700 vårrullar vart laga førre veke. Grillmaten er det matgruppa som står for, medan grillgruppa skal stå ved grillen og servere god mat laurdag. Til saman har det vore 5-6 kvelda med matlaging.

- Vi er i rute, kunne sjefskokk Elinor Bolme avsløre.

Mat og drikke er viktig når det spelast mange kampar og mange meter blir lagt ned. Menyen er ganske stor og variert. Her kan todalingane by på hamburgar, grilltallerken, thaitallerken og mykje anna godt.

No gjenstår det å laga smørgraut og vaffelrøre. Dette skal gjerast fredag, saman med at det blir avhalde dugnad på Bordholmen Stadion kor Todalsdagen blir sparka i gong på laurdag morgon.

IMG_0108.JPG