I kriser er vatn kritisk
I kriser er vatn kritisk. Kirkens Nødhjelp er der i katastrofar med reint vatn. No treng dei deg! I ettermiddag, 24. mars kl. 17 går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015 av stabelen i Surnadal og Rindal. Med di støtte kan Kirkens Nødhjelp handle raskt når katastrofen inntreffer.
Difor håpar vi du har pengane klare når bøsseberarane kjem. De tar ikkje kort - - -
Du kan også bidra til å stanse klimaendringane, som truar menneskes tilgang på reint vatn.
Vatn er prekært for menneske i naud. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Det kan vere vasstankar, vass-system eller reine naudrasjonar. Akkurat no er det fleire katastrofar i verda enn nokon gong og Kirkens Nødhjelp er på plass i Syria, Nord-Irak, Sør-Sudan og mange andre land.
Klimaendringane fører til større og verre katastrofar. Det siste året har vi sett det med tyfon på Filippinane, flaum i Pakistan og tørke i Guatemala. Også her heime har vi merka effekten av klimaendringane, no sist med den store flaumen på Vestlandet i oktober.
I ein katastrofe er det dei fattigaste som vert hardast ramma. Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn og høve til gode sanitærforhold der alt er øydelagt. Samtidig jobbar dei med folk i utsette område så dei får høve til å førebyggje den neste naturkatastrofen. I tillegg jobbar Kirkens Nødhjelp med å påverke politikarar og andre som har innverknad til å stanse klimaendringane. Her kan også du bidra, ved å delta i fasteaksjonens kampanje for å endre norsk klimapolitikk.
Nokre katastrofar er klimaskapt og nokre kjem som resultat av krig og konflikt. Kirkens Nødhjelp er der uansett. Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, tyfonramma i Filippinane og flaumoffer i Pakistan. Men dei treng hjelp for å hjelpe.
Ditt bidrag i bøssa gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å vere der med reint vatn når katastrofen rammar. Samtidig kan stemma di vere med på å stoppe klimakrisa.
Ta godt imot konfirmantane våre, ha pengane klare når de kommer, og støtt opp om Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015!
Helsing Kyrkja i Surnadal og Rindal
v/ Elsa Jensvold og Kirsti Hjørnevik