tp_leserinnlegg

I dag har eg avgitt stemme

Eg forhåndsstemte i dag for Surnadal som eigen kommune. Eg har lenge vore i tvil og konkluderte eigentleg etter eit av folkemøta med å gå for trekommunealternativet, men skifta meining i går kveld.

Det som gjorde utslaget for min del er at eg er så misfornøgd med prosessen som har vore køyrt frå minister Sanner. Det er alt for kort tid, det er truslar om endra inntekt, det er kommunereform før regionreform i staden for motsatt og så vidare. Dessutan er eg som senterpartist i opposisjon til det som luktar av tvang og av misforstått tru på at alt som er stort og sentralt er bra. Senterpartiet gikk til val i Surnadal på eit program som sa at du skal få seie kva du meiner gjennom ei folkerøysting og at vi vil:

-    Sørge for grundig utgreiing av kva løysingar som sikrar dei beste tenestene for innbyggjarane
-    Ikkje godta tvangssamanslåing
-    Oppretthalde og vidareutvikle dei gode interkommunale samarbeida vi har i dag
-    Sikre lokale arbeidsplassar og tenester nær der folk bur

Alt dette føler eg er godt ivareteke i den intensjonsavtalen som er vedteke i alle tre kommunane Halsa, Surnadal og Rindal. Eg forstår difor godt at mange vel å stemme for samanslåing av dei tre kommunane. Det er ein godt etablert kvardagsregion der folk pendlar i alle retningar mellom dei respektive kommunane både til arbeid og i andre ærend. Ein ny kommune av dei tre vil ikkje verte eit monsterprosjekt fjernt frå folks kvardag, men ein tross alt ganske nær og tett kommune der innbyggjarane har mykje felles. Eg trur det vil kunne vere råd å oppnå mykje positivt i ein kommune beståande av dei tre men vi har og mange godt etablerte samarbeid som fungerer godt i dag og som kan utviklast vidare om vi ikkje slår oss i hop.

Senterpartiet består av realpolitikarar. Nokre av oss meiner at det ikkje er råd å stoppe utviklinga som er sett i gang og at vi like gjerne kan gjennomføre det no, og det kan eg godt forstå. Eg meiner det er fullt mogleg for Surnadal å kunne fortsette som eigen kommune, men tykkjer og at vi skal vere det beste alternativet for Halsa og Rindal dersom dei vil gå saman med andre til ein større kommune. Der ligg forklaringa på at ein del av oss i Senterpartiet vel å stemme for trekommunealternativet.

Det er uansett viktigare korleis vi fører politikken framover for å ivareta distrikta, arbeidsplassane og tenestetilbodet, enn kva kommunen vi bur i heiter og kvar grensene går.

Så er slett ikkje siste ord sagt når folkerøystingane er over. Folket i dei tre kommunane skal framleis arbeide, gå på skule og handle på tvers av dagens kommunegrenser uansett kvar dei nye går. Vi skal og finne løysing for samarbeid dersom to av kommunane går inn for samanslåing og den tredje ikkje gjer det.

Lykke til med valget og bruk stemmeretten din på vegne av det alternativet du har mest tru på.

Torsdag 21. april

Oddvar Mikkelsen
Leiar Surnadal Senterparti