000 Hyggetreff h 9kl Sjøbruksmuseet juni 2018

Bøfjorden historielag melder:

Hyggetreff med tilbakeblikk

Bøfjorden Historielag påskjønna gode hjelparar for sommarens dugnadsinnsats med hyggetreff på sjøbruksmuseet laurdag. Av eit halvt hundre inviterte var eit 30-tal samla til middag og kaffe.

Museet har gjennomført 24 sommarsesongar med temasøndagar sia starten i 1995. Rundt 375 biletkåseri, foredrag og demonstrasjonar har såleis samla over 20.000 besøkande. Gjennomsnittet for 2018-sesongen er 52,5 – tilsvarande rundt 20% av folketalet i bygda. Da er ikkje publikum på Fjorddagen og Bøfjord-helga rekna med.

Tema av mange slag
Eit programinnslag på hyggetreffet var biletkavalkaden over årets ulike temaopplegg. Dette svinga frå uoppklarte tragedier til vakker bunadtradisjon, frå havdykk til pilegrimsruter, frå tønneproduksjon, kleppfiskeksport og gardshistorie til dialektforsking og lokale bokprosjekt. Alt presentert over kaffekoppen i samspel mellom kåsør og publikum.

Fjorddagar med sundbåtcruise og folkeliv ved sjøen har gjenskapt fordums skipstrafikk. Historielaget var i september også pådrivar og samordnar for nok ei Bøfjord-helg «tre dagar til ende».

Museet har fast opplegg for skuleelevar kvar vår. I år gav laget også ut lokal eventyrbok og utvida dialekthefte «Teft og tykkje».

Dugnad og gåver
Bøfjorden Historielag ser seg som ein vesentleg bidragsytar til kulturarbeidet i kommunen og distriktet. Også økonomien er basert på den same dugnadsinnsats som laurdagens hyggetreff var påskjønning for. Utan fast offentleg stønad blir arbeidet finansiert av loddkjøpande og kaffetørste gjester.

Samlinga av museumsgjenstandar veks stadig – endatil på hyggetreffet kom folk med sildelodd, foto av frakteskuta «Huldra» og med årgang 1908 av «Allers Familie-Journal»! Tidlegare i sommar kom modell av Shetlands-skuta «Arthur» og ei 234 år gammel stoldør frå korskyrkja i Stangvik.

No held sjøbruksmuseet stengt til neste sommar. Men lagets årbok «Gamle Nordmør 2018» er snart klar for markedet.

Tekst og foto: Bøfjorden historielag

To av bilda i serien under er frå hyggetreffet. Resten er tilbakeblikk frå tidlegare arrangement.

000 Hyggetreff c Bunadkunst a Ole Kr Rannei Rødset Nonnon H
Tilbakeblikk: Frå samlinga om bunadkunst i juli. Kåsør Ole Kristian Gundersen (frå venstre), instruktør Rannei Rødseth og John Nonnon Heggem – som sjøl har sauma denne mannsbunaden
000 Hyggetreff d Fjorddag 2018
Tilbakeblikk: Fjorddag - med sundbåten «Framnæs» og den restaurerte redningsskøyta «Christiansund» ved Samvirkekaia på Bølandet.
000 Hyggetreff e Apollo 1910 Heimlund (1)
Tilbakeblikk: Asbjørn Heimlund med sin «Apollo 1910» sette preg på Bøfjord-helga.
000 Hyggetreff f Stoldør 1784b
Historisk gåve: Stangvik sokneråd har gjeve museet denne stoldøra frå Korskyrkja i Stangvik, bygd 1784. Leiar i historielaget, Bernt Bøe til venstre saman med Bjarne Røen frå soknerådet.
000 Hyggetreff g
Hyggetreff: Nokre av dei mange som har halde kulturhistoria levande denne sommaren.
000 Hyggetreff h 9kl Sjøbruksmuseet juni 2018
Tilbakeblikk: Niandeklassingar i historisk fiskarmiljø under sitt årlege vårbesøk på sjøbruksmuseet.
000 Hyggetreff a
Hyggetreff: Nokre av dei mange som har halde kulturhistoria levande denne sommaren.
000 Hyggetreff b Allers 1908
Siste tilskot til boksamlinga – «Allers Familie-Journal» årgang 1908. Gjevaren Elise Settemsdal (t.v.) saman med Eldfrid Sæthervik.