Hus og historie
Røykjestua, bedehuset og andre bygningar med historisk sus er tema på museet i Bøfjorden søndag. Røykjestua (Torvikstua) på Åsen i Surnadal representerer norsk bustadhistorie gjennom mange hundre år. I 1988 vart julefeiring i denne stua rekonstruert saman med tre kvinner som vaks opp der – Gjertrud Hamnes, Marit Settem og Gunda Ness, som alle no er borte. Lydopptak frå samtalane blir å høre saman med bilete og historikk om røykjestuene.
Bedehuset Betania (80 år), den private Bølandets Folkeskole (Kveldheim, 1916), husmannsstuer og offentlege bygningar blir sette inn i historisk og kulturell samanheng. Og bustader og uthus som skifta eigar og vart flytta, kan by på overraskingar. Gamle foto og postkort fortel sine eigne historier.
På kjøkenet ordnar Kari og Inger Lise med kaffe og meir til.
Røykjestua: Juleståket rundt spikhylla rekonstruert i 1988. Frå venstre Gunnar Jostein Bøe, Gunda Næss, Marit Settem (bak) og Oddlaug Østbø (ved rokken).(Arkivfoto, Bøfjorden Historielag)
Julefeiring: Marit Settem (frå venstre), Gjertrud Hamnes og Gunda Ness gjenskapte si barndoms jul attmed langbordet i Torvikstua for 25 år sia. (Arkivfoto 1988, Bøfjorden Historielag).
Bedehuset Betania i Bøfjorden vart bygd på dugnad av misjonsfolket i 1933.
Og slik ser plakaten ut: