tp_leserinnlegg

Hotell og skjenkeløyve

At eit hotell ønsker skjenkeløyve for alkohol, er ikkje overraskande. Hotellet ønsker å tene pengar på alkoholsal. Men det er kommunen som forvaltar retten til å gi skjenkeløyve, og som er forplikta på alkohollova, der det heiter at

«denne lov har som formål å begrense i størst mulig utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebære. Som et ledd i dette sikter loven på å begrense forbruket av alkoholholdige drikkevarer.»

Stortinget har i tillegg – i tilknytning til Folkehelsemeldinga – vedtatt å arbeide for at alkoholforbruket i landet skal reduserast med minst 10 % innan 2025.

Ekstra problem oppstår når det blir laga kombinasjonsløysingar av hotell og sentrale kommunale møteplassar, for t.d. kino, teater, bibliotek, trafikkventerom etc. Då kan ikkje hotellet vente, eller kommunen gå inn på, at skjenkeløyvet skal «alminneleggjerast» for dei kommunale tenestestadene, eller at det blir sett som krav for samarbeidet, at skjenkeløyvet må på plass.

I den grad hotelldirektøren får telefon frå eldre damer eller andre som ser fram til å få servert sherry og kaffe, er dei truleg spreke nok til å bli invitert over Miljøgata til å få oppfylt ønska og behova sine der. (jf Driva 4/5).

Elles har eg ikkje sett eit einaste innlegg som meiner alkoholservering i vestibylen på hotellet er eit bidrag til redusert alkoholbruk, betre folkehelse, eller generelt auka trivsel for unge og gamle i kommunen. Men aller mest overraskande er det at så få partiprogram synest å ha formuleringar omkring dette spørsmålet. I SV-programmet er i alle fall kontrakten med veljarane denne:

at Kulturhuset framleis skal vere ein aktiv stad, eit ope hus og ein rusfri møteplass for innbyggarane i kommunen vår – på tvers av aldersgrensene.

                                                                                                 Eivind Hasle
                                                           Medlem av Rusførebyggingsgruppa – God Helse i M&R