Høyring - Regional delplan for attraktive byar og tettstader
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i sak U-69/14 gjort vedtak om å legge ut forslag til Regional delplan for attraktive byar og tettstader til høyring, jf. plan- og bygningslova § 8-3. Planen skal avløyse gjeldande senterstrukturplan frå 2004 og er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Regional planstrategi 2012-2016.
Føremålet med planen er å avklare den overordna senterstrukturen i fylket og gi retningslinjer for lokalisering av handel, tenester og andre utbyggingsføremål i kommunane. Planen skal legge til rette for utvikling av funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar, fremme ei meir berekraftig by- og tettstadsutvikling og styrke samordna bustad-, areal- og transportplanlegging i og mellom kommunane.
Plandokumentet inneheld både ein plandel og eit grunnlagsdokument. Ein vil oppmode høyringsinstansane til særleg å vurdere innhaldet i plandelen, som har direkte forvaltingsmessige konsekvensar. Retningslinjene for etablering og utviding av større kjøpesenter vil vere juridisk bindande med heimel i Kjøpesenterforskrifta av 2008. Retningslinjene for lokalisering av handel, tenester, utbyggingsområde mv. skal leggast til grunn for arealplanlegginga i kommunane og for plansaksbehandlinga i fylkeskommunen, jf. plan- og bygningslova § 8-2.
Planforslaget vert med dette sendt til lokale handelsforeiningar, næringslag mv. til orientering og eventuell uttale. Vi tek sikte på å arrangere tre regionale høyringsmøte i løpet av august/september for interesserte. Det vil bli sendt eigen invitasjon til desse møta seinare.
Planforslaget og planomtale med konsekvensutgreiing følgjer som elektroniske vedlegg til denne sendinga. Planforslaget med tilhøyrande plandokument og lenke er også lagt ut på fylkeskommunen sine heimesider under www.mrfylke.no/medverknad.
Høyringsuttalar kan sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde eller på e‑post til post@mrfylke.no. Merk brevet eller e-posten med Høyringsuttale – Regional delplan for attraktive byar og tettstader. Høyringsfristen er sett til 1. oktober 2014.
For meir informasjon kan ein kontakte fylkesplanleggar Max Ingar Mørk, tlf. 71 25 82 93 eller plansamordnar Johnny Loen, tlf. 71 25 82 88.
Her finner du plandokument for regional delplan for attraktive byar og tettstade.
Her finner du planomtale og konsekvensutgreiing.