Høyonn på gammelmåten
I går var det høyonn på gammelmåten på Rindal skimuseum. På slutten av 60-talet kunne du sjå både mange og lange hesjer når du køyrde gjennom Rindal. I dag snur du deg om du ser ei hesje, hesja har vorte museumsgjenstand. På Rindal skimuseum har museumsvennene hatt både slåttonn og høyonn.
På slutten av 1960-talet vart det meir og meir slutt på hesjing. Det kom silo på gardane og dette vart ein meir lettvint måte å ta vare på fôret på. Etter kvart som det vart større silokapasitet på gardane, vart hesjene sjeldnare å sjå. Denne sommaren har det vore svært få hesjer i Rindal, ei av dei har stått på Rindal skimuseum. Og i går var det høyonn.
Rindal skimuseum har ei aktiv venneforening som ikkje er redd for å ta eit tak i og rundt museet når det trengst. Da det byrja å gro fullt med gras mellom låven og husmannsplassen Stokke fann dei fram ljåen, og sidan Guttorm Bjørnås hadde donert båse hesjestaur, streng og spett til museet, låg det an for hesjing.
Oddvin og Magne frisker opp gamle kunster.
Onnatauser vart det og ei råd med, og det tok ikkje lang tid før hesja stod ferdig. Økta vart ikkje lang, og lengda på hesja var kanskje ikkje noko å skryte av, men ei hesje sett opp etter alle kunstens reglar var det! Her er Magne, Oddvin, Margret og Johanne etter vel utført arbeid.
Etter ei tid vart hesja inspisert. Magne konstaterer at enda er høyet for rått. Ifølgje dei gamle måtte høyet henge minst 14 dagar før det var krympa ferdig.
Også, ifølgje gammalt folk, skal 4. og 5. august vere sikre høyversdagar. Dette slår truleg ikkje til kvart år, men på 4. august i år var det utmerka høyver og tid for høyberging.
Marit var ei av dei som stilte opp som onnataus
Husmannen hadde ikkje hest, så høyet måtte berast inn.
Lang tid sidan sist det var høy i låven på Stokke (Brønstadtrøa)
Så var høyet berga i hus. No er det berre slåttagrauten som manglar.
Lønn for strevet: Slåttagraut
- Og koppvasking og -tørking i det fri heilt til slutt!
Foto: Ragnhild Stavne Bolme.