Høg temperatur i debatt om samlokalisering av barnehagar
Torsdag vedtok kommunestyret i Surnadal å bruke fire millionar av disposisjonsfondet for å dekke meirforbruk. Debatten dreidde seg etter kvart over til ein debatt om samlokalisering av barnehagane i Todalen og Stangvik.
Det var lite lystig stemning i kommunestyret i Surnadal då budsjettregulering i samband med økonomirapporten for 1. tertial 2019 stod på agendaen.
Dei ulike einingane hadde i ønskelista si til kommunedirektøren komme med langt høgare tal, men Knut Haugen la i tilrådinga fram forslag om å bruke fire millionar kroner frå disposisjonsfondet til å dekke meirforbruket så langt i år:
- 300 000 kr til sentraladministrasjonen (Taksering/matrikkelføring ca 150 fritidsbustader (eigedomsskatt))
- 600 000 kr til Surnadal ungdomsskule (Kostnader i samband med fosterheimsplasserte elevar)
- 200 000 kr til Midtigrenda barnehage (Ekstraordinær ressurs til spesialpedagogisk hjelp iht. enkeltvedtak)
- 400 000 kr til Helse og familie (Auka lønnskostnad på grunn av fastlegar som er kommunalt tilsette)
- 800 000 kr til Bu og aktivitet (Netto kostnad inntektstap som følge av endring av tenestetilbod)
Dette er til saman 2,3 millionar kroner. I tillegg kjem eit større budsjettavvik for kommunen sitt tilskot til privat barnehage, som gjev behov for budsjettregulering på 1,7 millionar kroner.
Dermed kjem totalen opp i fire millionar kroner.
– Eg tykkjer synd på det kommunestyret som skal ta over, for med to år til med same meirforbruk så er vi blakke, seier Jonny Melkild (Ap), og legg til:
– Eg er ikkje noko stolt av den båten vi skal overlate til neste kommunestyre, det må eg innrømme. Vi har vore feige, og ikkje teke tak.
Han fekk støtte av Bergsvein Brøske frå Senterpartiet:
– Dette er det mest krevande budsjettet eg har behandla sidan 1992. Eg opplever dette som ein veldig utfordrande situasjon.
– Eg tykkjer synd på det kommunestyret som skal ta over, for med to år til med same meirforbruk så er vi blakke, seier Jonny Melkild (Ap).
Foreslo samlokalisering
Marit Granhus Langli (H) tok deretter ordet, og la fram forslaget som la grunnlaget for den vidare debatten:
– Vi sitt med ein tertialrapport der alle krever meir pengar. Ein einaste plass i rapporten førekjem det at ei eining skriv at dei, ved å gjere grep, kan spare store pengar. Det gjeld ei samlokalisering av barnehagane i Todalen og Stangvik.
– Barnehagen med Evenshaugen går, ifølgje barnetala, ned med åtte barnehageungar, medan vi samtidig har seks ungar i barnehagealder Todalen, seier Langli, og fortsett:
– Det står svart på kvitt i tertialrapporten at vi kan kutte kostnader ved å gjere dette grepet, og når vi no er i denne økonomiske situasjonen kan vi ikkje la vere å gjere dei grepa einingane sjølve dreg fram.
Langli la, saman med partifellene i Høgre, dermed fram forslag om samlokalisering av Todalen og Stangvik, og at denne samlokaliseringa skal skje seinast 1. januar 2020.
Einar Grønnes var blant dei som tok ordet og kritiserte forslaget:
– Eg tykkjer det er merkeleg å komme med eit slikt forslag, når vi hausten 2018 freda Todalen, sa Grønnes, og fekk støtte frå partikollegaer, som Ragnar Halle og Bergsvein Brøske, som sa:
– For KrF og Sp sin del er det ikkje aktuelt å stemme for dette forslaget. Eg vil sterkt beklage om dette forslaget får fleirtal.
Bergsvein Brøske og Senterpartiet gjekk imot forslaget om oversending av sak om samlokalisering til formannskapet.
– Dårleg gjort
Varaordførar Helge Røv (Ap) peika på at dei økonomiske føresetnadene i kommunen er endra sidan vedtaket i fjor haust:
– Når vi veit at rekneskaps- og budsjettsituasjonen er som den er, er vi ansvarlege for å gjere grep. Og vi må gjere grep i framkant, før disposisjonsfondet vårt er tømt, sa Røv, som på vegne av gruppa si la fram eit tilleggsforslag om at saka skulle innom hovudutval for oppvekst og omsorg.
Han fekk deretter støtte frå partifelle Odd Asbjørn Bævre og Rakel Polden:
– Dette dreier seg ikkje om skule, men om samlokalisering av barnehagane. Vi meiner det er rett at hovudutvalet for Oppvekst får denne saka til behandling, og deretter komme med eit forslag til kommunestyret seier Bævre, medan Polden la til:
– Innan oppvekst har vi diskutert mykje kvar vi kan gjere innsparingar, og det er vanskeleg å ta inn noko nokon plass. Med forslaget frå Marit tek vi ikkje vekk noko tilbod. Vi har mange andre i kommunen som ikkje får det tilbodet dei skulle hatt, som til dømes folk med rus, som ikkje har bustader, og liknande.
– Ved samlokalisering av barnehagane får alle ungane framleis eit tilbod, og sett under eitt tykkjer eg difor det må vere greitt å sjå på denne ein gong til.
Sp-duoen Gunhild Bøklep Bøe og Sondre Ormset retta kraftig skyts mot forslaget:
– Dette er ikkje eit forslag de legg fram for å spare pengar, det er eit forslag de legg fram for å sparke nokon som allereie ligg nede, sa Bøklep Bøe, og fekk støtte av Ormset:
– Dette er så ufatteleg dårleg gjort, at eg nesten ikkje har ord. Hadde vi vore blakke hadde det vore noko anna, men vi er ikkje det, vi har ein liten buffer. Og då må vi strekke oss langt for å halde på dei vedtaka vi allereie har gjort.
Ormset fekk svar på tiltale frå forslagsstillar Langli (H).
Enda med oversending til formannskapet
– Vi er jo blakke. Vi må ta sats ein gong, skal vi klare å spare pengar. No har vi mulegheita til å førebu oss godt på ei samlokalisering, og så blir vi kalla uansvarlege? Det er eit spark for heile Surnadal at vi må endre tilboda våre, og vi sparkar heile surnadalssamfunnet dersom kommunen går konk, sa Langli, og fortsette:
– Vi kan ikkje berre regulere oss vekk frå det, for i denne farta kan heile sparekontoen vårt vere borte allereie neste år. Då klarar vi ikkje lande budsjettet for neste år ein gong. Når det er ein plass i rapporten det står at vi kan klare dette utan å gje dårlegare tilbod, så meiner eg vi er forplikta til å gjere det.
Langli fekk etter innlegget støtte frå partikollega Tor Rune Halset og Oddny Hoem (Ap), før det vart gruppemøte nummer to i saka.
Det resulterte i at Langli endra forslaget sitt til eit oversendingsforslag til formannskapet.
– Då får dei sjå på saka, og komme med dette, forhåpentlegvis som eitt av fleire tiltak for å redde økonomien.
Oversendingsforslaget vart vedteke, mot 12 stemmer. Ap og H stemte for oversendingsforslaget, medan Sp, KrF, FrP og MdG stemte imot.