Hjorten i norsk kultur og natur

Bokmelding:

Hjorten i norsk natur og kultur


BOKMELDING


Ola Stemshaug: Hjorten i  norsk natur og kultur (Bygdetrykk. Snøfugl forlag)


Onsdag 30.september var det boklansering i Aure. Boka Hjorten i norsk natur og kultur var presentert.   

Alt i tittelen ser vi at dette er ein innhaldsrik bok. Her får vi innsyn i hjorten som biologisk vesen, levermåte, kor han held til, ulike former for jakt på hjort og andre forhold om hjorten, dette høge, elegante dyret i skogane våre.

I boka får vi òg ei interessant innføring i korleis hjorten har sett spor etter seg i norsk kultur.  Vi får høyre om helleristningar av hjorten, særleg i Sunn- og Nordfjord.  Likeeins finst det måleri av hjort på berg, mellom anna ved Honnhammaren i Tingvoll.

Funn ved arkeologiske utgravingar kan fortelje at hjortekjøtt har vore på menyen til våre forfedrar.

Hjorten er òg nemnt i den norrøne Edda-diktinga, og at hjortejakt var viktig på den tida, ser vi av at det var bestemmelsar om  hjortejakt  både i Frostatingslova og Gulatingslova. Stemshaug skriv òg om  religiøse og mytiske førestillingar om hjorten, mellom anna har nemninga ”hådyret” (’det høge dyret’) truleg vore såkalla noanamn for ”hjort”. Segnene om Høgetveit-hjorten gjeld ein hjortefigur av massing som skulle ha magisk og vernande kraft.

Sidan Ola Stemshaug først og fremst var språkmann, er det ikkje overraskande at boka har eit kapittel om stadnamn og andre nemningar som er knytt til hjort. Artig er det og å lesa om at engelskmennene dreiv hjortejakt i Noreg, f.eks på Hitra og Skardsøya.

Kort sagt: Her er mykje interessant lesnad, både for den som er interessert i hjorten som dyr i naturen og dei som leitar etter dei spora hjorten har sett i norsk kultur før og no.


Gunnvald Bøe