Melhus Prestegårdslåna_500x328

Historietur til Melhus

Historietur til Melhus

 

Bøfjorden Historielag arrangerer laurdag 7. september historietur til Melhus i Sør-Trøndelag. Turen går med buss frå Bøfjorden via Surnadal og Rindal med retur om kvelden.

Melhus er eit sentralt område i norsk historie. – Dersom ein riv ut Melhus-stoffet frå sagaen, blir berre permane att! er det sagt.

 

Ein besøkjer historiske stader knytte til Einar Tambarskjelve (bauta), fru Tora, trælen Kark og Håkon Jarl (Rimol), Martin Tranmæl og Per Borten. Stavkyrkja på Kolbrandstad, kultursenteret Prestegårdslåna (Anders Hovden) og det nyare skimuseet (Oddvar Brå, Toralf Engan og Magnar Estenstad) er stasjonar på turen.

 

TURPLAN

Avreise frå Bøfjorden                              kl  08.30
Skimuseet og  fotosamlinga                   kl  10.30
Kolbrandstad                                         kl  12.00
Middag Konstadtunet                            kl  14.00
Prestegårdslåna , omvisning + kaffe      kl  15.30
Tambarskjelverbautaen                         kl  16.30
Rimol (Håkon jarl og Kark)                    kl  16.45
Heimturen startar                                  kl  17.15

 

Pris (reise + middag)                     kr. 500.-

Tur til Melhus.jpg

 

Påmelding innan 1. september – til Gunnvald Bøe  (977 55 132) eller Bernt Bøe (997 10 357)