Historia (1)

Historia er liv laga!

Bildet over: Femteklassingane på Øye besøkte Bøfjorden Sjøbruksmuseum no i september og vart kjende med sildlodd og «Presteskøyte», seisnøre, skjømle og vadbein. Påkledinga stod også i stil!

Vi såg nyleg flott reportasje frå Senioruniversitetet si synfaring i Øyagardslia – der tyskerane heldt til under krigen. Og med rette vart det påpeika at nærhistoria må takast vare på og formidlast til nye generasjonar.
Så sant, så sant! Og ut frå dette vil eg be om spalteplass til nettopp å gi ros – ikkje minst til skulefolk som veit å berike elevane sine med innleving i og kunnskap om lokalsamfunnet før oss.

Gode tiltak

At vi har mange aktive lag og ein del enkeltpersonar som samlar og formidlar lokal kultur og historie, er viktig i seg sjøl. Bygdene våre, samfunnet og livskvaliteten hadde skranta viss ingen vatna røtene. Og jamen er det mykje spennande levd liv å hente fram frå nær og fjernare fortid! Som kunnskapen om krigstida – slik det no var samling om på Øye.

Vi i Bøfjorden Historielag er imponert over tiltak Surnadal Ungdomsskule og barneskular i kommunen gjennomfører for å gje dei unge kunnskap om røtene sine. Og eg vil gjerne illustrere dette med inntrykk frå vår lille befatning med saka.

Kva vår har Bøfjorden Sjøbruksmuseum og andre deler av bygda her besøk av samtlege niandeklassingar i kommunen. Og vi er glade for slike høve til å oppfylle den delen av historielagets mål - som handlar om «å formidle vidare lokal kultur og historie».

Viser interesse

Og vi møter lydhøre og interesserte gjestar – elevane følgjer godt med, stiller interessante spørsmål og svarar godt på den meir eller mindre obligatoriske quiz’en etter timen på museet.

Vel - vi lokkar med premie til det bordlaget som får flest rette! Men det er ikkje heile forklaringa på at dei får med seg forskjellen på «jakt» og «galeas», lærer korleis sjøfolk leita opp silda, mælte farten i «knop» - og korleis skreia vart til «bacalao».

«Mannbjønnens» rike

Og har det vore gniksing med stolbeina og blinking i ein mobiltelefon eller to, så blir det i alle fall muse stilt når dramaet om «Mannbjønnen» rullast opp – eit eksempel på at det like utafor våre stuedører har skjedd ting som aldri kan glømmast.

I mange år var også markatur frå Bøkleppen til Flessa med stans i Trodalen ein del av skulane sine «kulturdagar». Slik kunne ein få oppleve – med heile kroppen – at det også hos oss har levd ungar og vaksne «der som (nesten) ingen skulle tru at nokon kunne bu». Og nettopp i Trodalen kan vi sjå takstein frå skiferbrotet og steinora der mordarbjønnen på 1700-talet faktisk «dræbte Manden».

Det er å håpe at denne bevisstgjeringa om korleis vesentlege ting heng i hop, får vera liv laga også i åra som kjem. Og eg trur neppe stadig nye medie-app’ar klarar å slå i hel den ekte interessa for levd liv!

Bernt G. Bøe 

Historia (2).jpg
Besøk i Trodalen for nokre år sia. Her ligg takstein frå gardens eige skiferbrot. Og bak stua i venstre biletkant var det mannen let livet for bjørnelabben i 1770-åra.​

Historia (3).jpg
Drakta som var med i den norske filmsuksessen «Same Jakki» i 1957, har vel mindre med Bøfjorden å gjera enn islendaren og oljehyra. Men dette var gåve frå deltakaren Anders Pentha til vennen Ole Flessen, som igjen har donert klenodiet til sjøbruksmuseet. 

Historia (4).jpg
Glade vinnarar av museumskrus etter ein kjapp «historie-eksamen» under 9. klassebesøket i juni 2016.