7_690x460

Hestekrefter, både på hjul og bein, to og fire

Willy Jonli frå Grønlifeltet i Rindal, er ein ivrig samlar på gamle kjøretøy. Han har hestar på stallen og gamle kjøretøy i garasjen, så her er det hestekrefter i massevis.

9_690x460.jpg

Willy Jonli samlar mest på traktorar. Han hugsar godt den gamle Allgaier Porsche'n som var heime på garden. Han kom over denne Allgaieren på Fannrem, og noko av denne traktoren er det same som den dei hadde heime i Lomunddalen.

8_690x460.jpg

Lastebilen er ein Volvo V8 bensin. Den kjøpte han mest for å frakte traktorar.
- For det sirkulerer når ein driv med gamle kjøretøy, så det er kjekt å ha ein liten lastebil når ein dreg rundt på messer, seier samlaren.

Willy Jonli skal vise fram desse to kjøretøya på Hestekreftenes Dag på Rindal travbane på søndag, og du ser dei sist i videoen nedafor.

- Det er artig å vise fram kjøretøya sine, men det er like artig å møte andre med same interesse, seier Jonli.

Magne Løfaldli_690x434.jpg

Klikk her og sjå video om Hestekreftenes dag, der Magne Løfaldli (bildet over) først fortel om aktivitetane denne søndagen.

Tekst/bilde/video: John J. Storholt/OleT

Les også tidlegare omtale av Hestekreftenes Dag på Trollheimsporten!