”Kvardagskultur” med premiere
Hesjarfilmen
Eistein Bæverfjord er klar med ny film. Premieren blir tirsdag 18. mars kl 19.00 i Storstuaå. Skjærpeplog-premieren i fjor vart ein suksess, med full Storstue, og Eistein håpar at det vil komme nokre sjelar på premiere denne gongen og. Billettane er lagt ut for sal.
Kulissene til denne filmhistoria er Sandnesset på Hamnes i Surnadal kommune, der vi blir med Lars P. Hamnes på hesjing, og der vi får sjå korleis ei hesje blir oppsett. Vi har skruva tida attover til 1950 og -60-talet, og det vil seia den tida da traktoren var på tur inn i slåttateigen for å ta over jobben til hesten.
Dette var på slutten av hesjeperioden og i starten av ein periode med store tekniske omveltningar i landbruket, før forhausting og silolegging vart det heilt store. Vi skal sjå at det å bytte ut hest-taumane med eit traktor-ratt ikkje alltid var like enkelt. Gamle låvebygnigar med låvebruer som var dimensjonerte for hest og vogn, var i denne samanhengen ei av dei store utfordringane for dumdristige og traktorfrelste ungdommar.
For å nemna litt av det Hesjarfilmen elles har å by på, så kan det nemnast - vått gras, oljebrok og hesjarforklè, landvindens herjingar med hesjene i Romundstadbygda, matstell og Tomten-øl, romantikk og godlukt frå hesjer i sumarnatta, beine og krokute hesjer, durskvile og koppskrammel i middagstida. Vi skal også innom dagboka til ei ungjente på 50-talet, og vi får sjå at det blir bruka både silosvans og høysvans. Kort og godt; det blir gode gamle minner om slåttonna før i tida.
Filmmusikken er henta frå Rindalsskogen; Grindbakkvalsen, - ein melodi som er nedteikna etter Rolv Storholt.
I tillegg til Lars P. Hamnes og den munnspelande drengen Marko frå Estland, har filmen denne rollelista: Gudrun Moen frå Rindal, Ola Sæther frå Romundstadbygda, Ragnhild Mikkelsen frå Eidet og Øyvind Holte frå Surnadal.
Marko frå Estland
Gudrun Moen
Ola Sæther
Ragnhild Mikkelsen
Øyvind Holte
Også denne gongen blir Nils Røv med som kåsør og munnspellmann, og Eistein har sjølvsagt med seg trekkspelet. Det meste av musikken som blir servert har lokalt opphav, og denne kvelden blir det sett fokus på ei spesiell spellmannshistorie frå Bæverdalen.
Tekst og foto: Eistein Bæverfjord