
-med inspirasjon for framtida
Herleg VI-seminar på Kulturhuset
Sentrale under VI-seminaret på Kulturhuset: Rådmann Geir Vikan frå administrasjonen, Annett Ranes frå dei tillitsvalte, foredragshaldar Karin Fevaag Larsen og ordførar Mons Otnes, representant for politikarane. Foto: Norunn Holten
Karin Fevaag Larsen har bakgrunn frå finans, bank og forsikring, men valde å skifte retning i livet og starta derfor firmaet “Ny giv”. No fer ho rundt i landet og held inspirerande og morosame foredrag om korleis vi sjølve kan vera med på å påverke miljøet rundt oss i positiv retning, ikkje minst arbeidsmiljøet sidan vi brukar ein svært stor del av tida vår på jobb. Ho har vore ranka som nummer ein i landet som inspirator-foredragshaldar, og på Kulturhuset viste ho kvifor. Foredraget var krydra med ei lang rekkje eksempel frå kvardagslivet, og typane og innstillingane ho karikerte, kjenner vi alle godt igjen. Ho argumenterte for å fokusere på det som er positivt i tilværet, og meinte at vi med bevisst bruk av tanken og viljen både kan påverke omgivelsane våre positivt og lettare nå måla våre. Vidare peika ho på korleis vi samlar opp frustrasjon i kroppen vår, og at vi tek ut denne frustrasjonen når vi kjem heim, med dei konsekvensane det jo har. Alle må finne sin måte å få ut frustrasjonen på, meinte ho. Under stor latter frå publikum demonstrerte ho så korleis ho sjølv brukar roping og brøling til å få frustrasjon ut av kroppen. Ho anbefalte det same også til Surnadalspublikummet ettersom det er så mykje skog her. Merkeleg nok fekk ho det til å høyrast freistande ut, men viss fleire tenner på ideen, kan det nok bli litt av kvart å høyre frå skogen framover. …..
Det var ikkje berre Karin Fevaag Larsen som fekk ståande applaus på Kulturhuset tysdag. Det fekk også Eistein Bæverfjord som for tredje år på rad stilte med filmar der kommunale arbeidsplassar vart presenterte. I år var det eigedomsavdelinga/vaktmeistertenesta, Stangvik barnehage, habiliteringa og økonomiavdelinga i kommunen som vart portretterte. Som vanleg hadde Eistein Bæverfjord gjort dette med god innleving og ein snert humor. Det blir det god film av.
Dette er altså tredje året administrasjon, tillitsvalte og politikarar i Surnadal kommune går saman om å arrangere VI-seminar. Føremålet er som før å skape ei “vi-kjensle” mellom dei kommunalt tilsette, anten dei no arbeider i eller utanfor kommunehuset. I tillegg er dette eit godt høve til å nå ut med informasjon til kommunalt tilsette. Rådmann Geir Vikan orienterte denne gongen om den nye politiske og administrative strukturen i kommunen, om den nyleg gjennomførte medarbeidarundersøkinga, om sentrumsplanen som snart skal opp i kommunestyret og om samhandlingsreforma. Kulturelle innslag var det også plass til på programmet. Desse vart levert av grunnskuleelevar i kommunen. Alt i alt vart det eit seminar prega av humor, og det vart også, som namnet på foredraget til Fevaag Larsen, "Ein inspirasjon for framtida".
Ei oppleving: Det rocka kring Karin Fevaag Larsen. Ho heldt eit tankevekkande, ukonvensjonelt og humoristisk foredrag om korleis vi kan vera med på å betre miljøet kring oss. Foto: Norunn Holten