Lussi Langnatt i Surnadal:
Henning Sommerro med urpremiére
Henning Sommerro i spissen for eit musikalsk A-lag byr på ein unik julekonsert i Surnadal 12. desember. - Dette er truleg den første Lussi Langnatt-konserten her i landet, seier Henning Sommerro.
Benedicte Maurseth, Carl Haakon Waadeland, Henning Sommerro og John Pål Inderberg
Med seg på scena i Surnadal kulturhus har han saksofonisten John Pål Inderberg, Carl Haakon Waadeland på perkusjon og Benedicte Maurseth på hardingfele, mens Anne Kleivset les.
Saman med kona Anne Kleivset har Henning Sommerro sett saman eit familieprogram med musikk, song og forteljingar henta frå julefeiringa i førkristen og overgangen til kristen tid. Urframføringa blir på sjølvaste inngangen til den mytiske Lussinatta; natta mellom 12. og 13. desember.
Kulturarv for alle
Konserten byggjer på Henning Sommerro si nye plate Lussi Langnatt. Plata inneheld materiale frå folketrua rundt solsnu og jul. Tekstane og melodiane er henta frå Nordmøre, Vestlandet og Telemark.
- Dette er ein kulturarv frå traktene her, som så å seie har vore urørt til no, seier Henning Sommerro.
Framsyninga passar for alle, uansett alder og tru.
Anne Kleivset har i ei årrekkje vist den populære framsyninga Lussi Langnatt i Trondheim, og ho vil ta med element frå den i det unike programmet. Laget Vårsøg er stolt og glad for å kunne presentere Lussi langnatt som eit mystisk musikalsk avbrekk for familien i julestria.
Lussi Langnatt
På den mørkaste natta i året, mellom 12. og 13. desember (etter gammal kalender), kunne alt skje! Lussi kom til menneska, og var i folketrua den som rei fremst i Oskoreia, også kalla Åsgardsreia. Reia er i norsk folketru eit følgje av urolege daude sjeler. Dei kjem ridande om natta, og spesielt i tida rundt jul.
Lussi fungerte som eit slags arbeidstilsyn. Ho passa på at alt var gjort i stand til jul. Folk som ikkje hadde gjort seg heilt ferdig til julehøgtida, kunne bli dratt med i følgjet. For å verge seg mot Åsgardsreia vart det måla tjærekors på husdørene for både menneske og dyr.
Segnene fortel at det kunne gå på helsa laus dersom ein kom ut for reia. Hugen eller sjela til dei sovande kunne bli riven med og ført langt av stad. Det kunne gå ekstra hardt ut over karane her i distriktet. Alle måtte passe seg når Lussi kom og la si trolske hand over både menneske og dyr.