Rindal kirke vårb_cropped_585x423

Helsetakk med gode fylgje.

Er det vanskeleg å halde greie på alt me har fått, kan me byrja så enkelt at me takkar for helsa. Ganske snart kan det føre oss til å takke for frelsa òg, slik det skjedde med ein ny-helbreda samaritan då han kom attende til Jesus for å takke. Dei var ti som vart erklært ikkje-spedalske, men berre ein usling av ein samaritan tok bryet med å takke. Dette var tema for preika i Rindalskyrkja 17.mai, og preika les du nedafor.

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/1243100.1537.fqxrtavvfy/Rindal%C2%A0kirke%C2%A0v%C3%A5rb_cropped_585x423.jpg

På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» Han så dem og sa: «Gå og vis dere for prestene!» Og mens de var på vei dit, ble de rene. Men én av dem kom tilbake da han merket at han var blitt frisk. Han lovpriste Gud med høy røst, kastet seg ned for Jesu føtter med ansiktet mot jorden og takket ham. Denne mannen var en samaritan. Jesus sa: «Ble ikke alle ti rene? Hvor er da de ni? Var det ingen andre enn denne fremmede som vendte tilbake for å gi Gud æren?» Og han sa til ham: «Reis deg og gå! Din tro har frelst deg.»

Luk 17,11-19

 

Om me aldri har flagget framme eller til topps elles i året, gjer me det i alle fall i dag! Har me aldri mot på å stryke bunadskjorter elles i året, er det i alle fall gjort til i dag! Og tenkjer me ikkje over kor heldige me er med landet me bur i slik til vanleg, må me i alle fall gjera det i dag!

 

Norge er fritt, flott og godt. Takk Gud for at det er vårt, - at me slepp å flykte frå krig og svolt og naud. Me har demokrati og fridom – og gjerne vel i meste laget av rikdom.

 

Eg vil meine det er ganske tydeleg at Jesus snakkar til oss om takknemlegheit i det som er evangelieteksta i dag. Det er ei underleg historie, og me kan vel alle meine at alle dei ti som vart helbreda skulle vera såpass til kara at dei kan koma tilbake for å takke. Det å takke er nå vel det minste ein kan gjera når ein er vorten helbreda frå den forferdelege sjukdommen som spedalskheit visseleg er.

 

Og så er det berre ein av dei ti som kjem tilbake for å takke. Så skjer det at han får endå meir enn ein helbredelse: Han blir frelst òg.

 

Kven er denne eine som kjem tilbake for å takke? Det er ein som er av dårlegaste sort. Samaritanarane stod vel omtrent like lågt i kurs der og då som romfolket er i dag. Det er altså slike me ikkje har plass til i landet vårt. Så kan me vera glad me korkje har samaritanerar eller romfolk til å dra ned standarden vår i Rindal – så vidt eg veit.

 

Kva me har å takke for?

Me må gjerne takke for land og natur, friheit og demokrati. Takke for familie og folk me deler bygda vår med. Takke for velstand og helse.

 

Kvifor det er lurt å takke?

Det er lurt å takke for å sjå kor mykje me har fått og kvar det kjem ifrå.

 

Mykje av det me nyt godt av i dag, er det formødre og forfedre som har arbeidd fram for oss. Dei kalte det for å forvalte.

 

Kva har me fått å forvalte? Me har fått mesta meir enn me har vit på å takke for. Skal me byrja ein plass, kunne me gjera som den samaritanaren me høyrde om:

 

Me kan takke for helsa. Og gjerne gjera det med risiko for at det same skjer med oss som det skjedde med han: Jommen sant`n måtte han takke for frelsa også.

 

Det skal godt gjerast om ikkje samfunnet blir forandra til det betre om me lærer oss såpass. Takkar me for helsa og frelsa me har fått, kan det vidare bli til det Paulus kallar for frukt av leper som prisar Jesu namn.

 

Jesus kunne gjera noko med kroppen til dei spedalske. Med sjela vår kan han gjera alt.