treet_1024x683

Vellykka turar til Åsbøsnytå

Helsbot under open himmel

På den siste dagen til Norsk vandrefestival var det sett opp heile to turar til Åsbøsnytå. Den eine var ein familietopptur som starta klokka 11 på føremiddagen under leiing av Line Nordvik frå Nordvik grendelag. Pilatesturen som starta to timar seinare, var i regi Surnadal trenings- og velværesenter. Eit hovudmål for Norsk vandrefestival er å merke vegen til god fysisk og mental folkehelse gjennom nærleik til naturen- i så måte må begge desse turane karakteriserast som fulltreffarar!

Trollheimsportens utsendte deltok på pilatesturen, men på turen oppover møtte vi også deltakarane på familieturen som da var på tur ned igjen. Du vil derfor finne bilde frå begge desse turane i billedserien under teksten.

Før deltakarane på pilatesturen vart sleppt oppover lia, orienterte leiar ved Surnadal trenings- og velværesenter, Ann Kristin Bruset, om føremålet med turen. Ho forklarte at poenget med turen ikkje var å koma først til toppen, og at farten ikkje skulle vera høgare enn at alle kunne nyte turen oppover. Ho oppfordra i staden deltakarane til «mindfulness», å vera merksame på augeblikket du lever i. «Å leve i noet» kalla vi truleg dette i «gamle dagar». I ei sosial verkelegheit der vi stadig blir meir opptatt av å dokumentere og publisere det vi gjer, og det helst medan det enno skjer, er det likevel ikkje til å stikke under ein stol at dette blir stadig viktigare. Det er ikkje utenkjeleg at kunsten å «vera i augeblikket» er ei ferdigheit som i stadig større grad må lærast. Desto viktigare er turar av dette slaget både i notida og framtida.

På toppen av Åsbøsnytå vart det pilates under altet, men panoramautsikt til fjellheimen rundt. Å trene pilates og gå inn i seg sjølv på ein plass der det nesten ikkje kan bli klarare kor ubetydeleg ein er, og at ein er del av noko mykje større og mektigare, er ei sterk oppleving. Dette fekk deltakarane på turen erfare. Konklusjonen som vart trekt etter endt treningsøkt på toppen, er kor annleis alt er når ein trenar under open himmel, og kor rart det er at vi ikkje gjer dette oftare. Får du høvet, er derfor anbefalinga frå deltakarane på turen klar: dette bør du oppleve!

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie! Alle foto: Norunn Holten

 

 

opp bakken_1024x683
Ein spent gjeng på tur opp lia med Ann Kristin Bruset i front.
sett nedanfrå_1024x683
Stadig oppover!
Ann Kristin Bruset og Line Nordvik_1024x683
Leiarar for kvar sin tur: Ann Kristin Bruset og Line Nordvik.
Mia 7år_1024x1536
Mia på 7år var eitt av barna som nådde toppen av Åsbøsnytå søndag. Den spreke jenta kjem frå Molde og har også andre turar bak seg..
treet_1024x683
Her er det berre å la energien frå himmelen strøyme rett gjennom kropp og sjel.
hunden_1024x683
Omkransa av fjell og berre himmelen over: kan det bli betre?
heim igjen_1024x683
Nordviksula forut under nedstiging frå Snytå.