Helge Gravvold lovar "Djevelsk spetakkel"
29. april 2016 er Helge Gravvold klar med singelen «Djevelsk spetakkel», som er første smakebit frå den rutinerte vokalisten, gitaristen og låtskrivaren sitt tredje album. Det er berre å skru opp volumet og gjere seg klar for melodiøs og gitarbasert rock med moderne tekster på nynorsk.
Helge Gravvold er eit kjent namn frå radio og midtnorske konsertscener. Den allsidige musikaren har tidlegare gjort seg bemerka med pop og viserock, men den nye singelen og albumet markerer ein retur til den gitarbaserte og smårøffe rocken han alltid har elska.
“Som eit slagverkorkester heilt utan disiplin,
dei rører og dei slår, nører bålet med bensin.
Grytene skramlar og lokka seier smell.
Det er eit djevelsk spetakkel i kveld”.
Slik går refrenget på den nye singelen «Djevelsk spetakkel», som blir lansert digitalt på Spotify og andre streamingtenester 29. april.
Kombinasjonen fengande låt og ein tidsaktuell tekst, gjer at den har stort hitpotensial. Og ikkje minst er låta eit solid bidrag til norsk rock anno 2016 - med tøff og elegant produksjon, originalitet og musikalsk eigenart.
- I vinter har eg bygd nytt studio, og det har også resultert i eit kreativt kick, fortel Helge Gravvold.
- Dei musikalske ideane, riffa og melodiane har dukka opp seint og tidleg. Tekstene er det Bjørn Tore Brøske som står bak. Vi spelte i band saman på siste halvdel av 80-talet, og no har vi altså ein aldri så liten reunion! Med Bjørn Tore sine tekster på nynorsk, mine melodiar og eit tent band i ryggen i studio, har «Djevelsk spetakkel» og dei andre låtane blitt akkurat slik eg ville ha dei: Rett på sak og utan filter!
Musikarar på «Djevelsk spetakkel» er
Helge Gravvold – vokal, gitar
Bertil E. Tødenes – trommer
Svein Ole Hunnes – bass
Robin Windsrygg – tangentar
Dette skriv Helge Gravvold i ei pressemelding.