Helge Gravvold bandbilde

Helge Gravvold klar med nytt album

1. mai er det offisiell lansering av Helge Gravvold sitt nye album "Ingen andre". Albumet inneheld 8 nye og fengande rockelåtar på nynorsk, alle komponert av Gravvold og med tekster av Bjørn Tore Brøske. 

Vokalist, gitarist og låtskrivar Helge Gravvold har tidlegare gitt ut solide album med pop og viser. Dei siste åra har den rutinerte artisten vendt tilbake til rocken, noko som blant anna har resultert i dei populære singlane “Utan filter” og “Djevelsk spetakkel”. No er Helge Gravvold og bandet hans endeleg klare med nytt album! “Ingen andre”​ kjem ut 1. mai, og inneheld tøff rock’n’roll, funky pop og vakre ballader. 

Helge Gravvold sin melodiøse og moderne rock med nynorske tekster, har allereie slått an både i Norge og langt utanfor landets grenser. I 2016 fekk singelen “Djevelsk spetakkel” bra med speletid blant anna på NRK, og på grunn av stor interesse i Brasil vart det laga ei spesialutgåve av videoen til «Utan filter» med portugisiske undertekster. På dei åtte nye låtane på albumet “Ingen andre” ​blir det rocka uttrykket vidareført. Samtidig er det stor variasjon i musikken og tekstene, frå det rå og harde via det optimistiske og lette til det rolege og tankefulle.

Det er lagt ned mykje arbeid i studio, og resultatet er blitt eit album med stor spennvidde, umiddelbart fengande melodilinjer, gjennomført produksjon og tekster med meining. Tekstene er laga av journalist/skribent Bjørn Tore Brøske. Veteranen Helge Gravvold - som no bur i Ørsta og har over 30 års erfaring frå midtnorske konsertscener - har med seg dei unge musikarane Magnus Solheim (trommer/perkusjon), Erik Vinje (bass) og Robin Windsrygg (keyboards). Dette bandet utgjer eit knalltøft komp som meistrar både det teknisk briljante og det røffe og energiske.

bjørn tore brøske.jpg
Surnadaling Bjørn Tore Brøske har skrevet tekstene til låtene på albumet til Gravvold

Låtliste på det nye albumet er “Ingen andre”, “Tidsklem”, “Bakrus”, “Ein sommardag før”, “Eg elskar deg”, “Langt på veg”, “Smilefjes (Stå imot)” og “Av og til”. Albumet blir lansert 1. mai på Spotify, Tidal, iTunes og andre digitale plattformar. 4. mai blir det releasekonsert på Studenthuset Rokken i Volda. 

Diskografi Helge Gravvold: “Elevator to the Edge of Heaven” (album, 2011), “Lagnad” (album, 2013), “Djevelsk spetakkel” (singel, 2016), “Utan filter” (singel, 2016), “Den første og den siste” (EP, 2016), “Ingen andre” (album, 2018).

Bandbildet øverst i saka viser vokalist/gitarist/låtskrivar Helge Gravvold (nr. 2 f.v.) saman med bassist Erik Vinje (t.v.), keyboardist Robin Windsrygg og trommeslagar Magnus Solheim. (Foto: Jonas Been Henriksen)

Albumet "Ingen andre" blir gitt ut digitalt 1. mai 2018. Link til Spotify: https://open.spotify.com/album/5wdM0owfGYUth2OTZY82PS 

Cover.jpg

(Tekst og foto: Pressemelding)