helgplakat

Torvald Sund sitt teaterstykke på Surnadal kulturhus

"Helg" på tirsdag

Tirsdag 18.oktober kl. 20.00 kjem teaterstykket "Helg" av Torvald Sund til Surnadal kulturhus. Det er tre teater som samarbeider om stykket, og vil du vita meir om kva det handlar om, finn du ein omtale ved å klikke deg vidare.

HELG av Torvald Sund

For første gong samarbeider dei tre store teatra i Midt-Noreg om ei framsyning som skal turnere i dei tre fylka. Nord-Trøndelag Teater, Teatret Vårt i Molde og Trøndelag Teater er stolte over å presentere ein norsk urpremiere på eit stykke som forankrar seg i kystfolket og utfordringane deira. Etter premiera og speleperioden på Trøndelag Teater skal framsyninga vidare til Teatret Vårt og Nord-Trøndelag Teater.

Torvald Sund sitt nye stykke er eit familiedrama kor mange vil kjenne att seg sjølv eller sine. Med røter i trøndersk forteljartradisjon, er dette ei historie omvilkåra for folk på kysten, om naturkreftene og ei tid med store omveltingar. Handlinga tek til i ytre Trondheimsfjord. Gjennom fleire hundre år har sildefisket skapt stor vekst og velstand. Dette året blir silda borte. Det er vårjevndøger i ei tettfolka bygd i Stjørna. I mangel av fangst får basen Bjørn på sildesnurparen Stjørnfjell ei uventa frihelg heime. Der venter kona, Margit og sonen Benjamin.

BJØRN Endeleg helg! Tre månader sia sist! Eit gjensyn med blanda følelser. Gleda over å få sjå familien igjen blir borte i misnøye over dårlig fangst. Den råsterke notbasen med legendariske kast etter storsilda, kjenner eit personlig nederlag når sildefisket svikter. Han greier ikkje å leve opp til sine eigne og andre sine forventningar. Familien klarer seg visst utan han, kona les for å bli lærar og sonen gjer som han sjøl vil. Ingen har bruk for han lenger – han er unyttig og sint! MARGIT Og så akkurat denne helga. Ho skulle bruke tida til oppgavene på NKS-kurset. Ho må levere i tide, ellers kan ho ikkje gå opp til realskoleeksamen til våren. Bjørn var ikkje akkurat glad for at ho vil bli lærar, han kan vel forsørge familien sin! Og no kjem denne steinharde, desperate ektemannen heim ei helg. Dei har hatt sine gode stunder, men no stenger han seg inne og mistolkar alt ho seier. Kva har gjort han slik? Og sonen trivst best når faren er ute på fiske! BENJAMIN OK! Så kom han heim ein tur, og begynte å legge seg opp i alt. Det blir eit helvete kvar gong. Dei som har kvardagen i lag, sonen og mora, må ta imot krasse ord og stå til rette for alt som er gjort – og ikkje minst ugjort. At sonen trener langrenn i lag med Alf, er det noko å ta slik på veg for? Margit er heller ikkje der for guten – han driv rundt i skjæringa mellom barn og vaksen og blir ikkje sett. På eit knapt helgedøgn vendast livet i denne familien opp ned. Fortid, notid og framtid snurpar seg saman til ein farleg malstraum som dei vert tvungne inn, og trekte ned i.

Regi: Liv Hege Nylund Medvirkende: Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning Musikk: Henning Sommerro