«Heimsjyen» på museet
Heimefisket - til livberging og til rekreasjon - har prega fjordbygdene til alle tider. Søndag blir fjordafiske i ymse variantar tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Kåre Bøklepp og Gunnvald Bøe tek for seg historikk, reiskap, båtar og fisketeknikk. Dei omtalar alle fjordens fiskeslag og kvar og når fisken er å få. Lerret gir gjensyn med gamle veteranar og fiskeplassar.
Kåre viser bøting og vedlkikehald av garn, not og line. Gunnvald presenterer ulike fiskebåtar.
Og kanskje får du ferske fangst-tiender frå fredagens linedraging ved Bøkleppen?
Plakat til søndagens opplegg finn du nederst i saken!
Gunvald Bøe (t.v.) og Kåre Bøklepp er klare med line og agnsild til «heimsjyen» - og med temaopplegget på museet.
Tekst/foto: Bernt Bøe