Heile registret i bruk i Mo kyrkje
Laurdag ettermiddag fekk vi høre kva barokkorgelet i Mo kyrkje er god for. Meisterorganisten Nils Henrik Asheim hadde sett seg inn i kva orgelet inneheld og tok det fram som tonefølgje til Gro Kjelleberg Sollis nordmørstonar. No med videoeksempel!
Gro Kjelleberg Solli er oppvaksen i Angvik og er no busett i Os i Østerdalen. Ho er ein av dei fremste folkemusikktolkarane på Nordmøre. Det fekk vi høre i Mokjerka der ho samspelte med Asheim som på si side spela på heile registret til orgelet, bokstaveleg talt. Når han ikkje hadde nok fingrar, tok han i bruk klossar som han la på tangentane! Så "spela" han også med registertastane.
Alle som var i Mokyrkja denne ettermiddagen er glade for at Henning Sommerro introduserte oss for denne improvisasjonens meister.
Som avslutningsnummer fram mot innringinga av høgtidshelga, delte Nils Henrik Asheim Johan Sebastian Bachs Pasacalia i c-moll med oss!
Godveret gjorde at det berre var eit fåtal som valde denne opplevinga. Og her var det framføringar som Asheim sa kanskje vart franførte for første og siste gong.
Her er ein dårleg video av ein av improvisasjonane.