Haustlys 2018

"Haustlys" med Styrkår Brørs som hovudutstillar

Styrkår Brørs stiller ut teikningane sine for aller første gong på medlemsutstillinga til Surnadal kunstforening, som opnar i Finstuå laurdag. I tillegg er seks andre utstillarar med. Vi får sjå både måleri, foto og keramikk. 

Har teikna heile livet

Styrkår Brørs fortel at han har teikna heile livet, men dette er første gongen han er med på ei offentleg utstilling. 

Han har prøvd seg fram med ulike teknikkar, men har endt opp med den enklaste; blyantteikningar. Favorittmotiva finn han i naturen. Han fortel at han likar å finne motiv i fjellet om våren, medan det enda er litt snø. Da får ein fram fine kontrastar. Det er dekorativt, tykkjer han. Så viser han fram to teikningar av eit tre. Det er same motiv, med det eine er teikna om sommaren, det andre om vinteren. 

I tillegg har han teikna fleire bygningar, blant anna fem av kyrkjene i Surnadal. Eit anna bilde er av Kleiva, heimen til Hans Hyldbakk. Det er både nye og gamle blyant-teikningar som er med på utstillinga.

Styrkår Brørs.jpg

Marit L. Moen, som er leiar i kunstforeninga, minner om at dette er originale teikningar. Ho tykkjer at prisane nesten er sett for lågt, så her må folk slå til! Det ligg mykje arbeid bak så detaljerte teikningar.

På utstillinga får ein i tillegg kjøpt postkort av fire av kyrkje-teikningane til Brørs. Det er kort av Øye kyrkje, Mo kyrkje, Stangvik kyrkje og Åssgard kyrkje. Desse kan brukast som julekort, eller til dømes gratulasjonskort til konfirmasjon.


Variert utstilling

Surnadal kunstforening har utstilling 4-5 gongar i året.  "Haustlys" er eigentleg kunstforeinga si juleutstilling, og denne gongen er det ei medlemsutstilling. I tillegg til Styrkår Brørs er seks andre medlemmar med, og det er stor variasjon med både måleri, foto, teikningar og keramikk.

Sissel Halset Storslett.jpg
Sissel Halset Storslett har fleire måleri med på utstillinga.
 

Marit L. Moen fortel at neste utstilling, "Vintersyn" blir ei fotoutstilling. Den er ein del av prosjektet NåDa, som Trollheimsporten har skrive om før. Fotoutstillinga, av og med fem surnadalsungdommar, er ein dokumentasjon av performancen på Åsen i sommar. Den utstillinga får vi sjå i mars.


Velkommen til utstillingsåpninga laurdag!

Torsdag kveld var styret i kunstforeninga i full sving med å henge opp bilda til  "Haustsyn" på nymåla veggar i Finstuå i kulturhuset.

Laurdag 17. november blir det opning av "Haustlys", med musikalske innslag med Sigurd Brørs og Martin Vognild Einum. Utstillarene er Styrkår Brørs, Kim Even Fiske, Marion Otterlei, Elisabeth Krogh, Elin Anita Aasland, Anne Marie Rognskog og Sissel Halset Storslett.

 

Bildet øverst: Anna Ingeborg Nordvik, Marit L. Moen, Olav Karlstad, Styrkår Brørs og Sissel Halset Storslett gler ser til å opne kunstutstillinga laurdag.