Haustfest i kyrkja
Rundt verda kallar dei det Thanksgiving. Tradisjonen med Hausttakkefest har godt fotfeste også i våre bygder. Søndag var det samling med dåp, nattverd, konfirmantjubileum og stort frammøte i Åsskard kyrkje.
Som skikken var ved Mikkjelsmess-tider i gamle dagar, var det markens grøde som gjorde takken synleg – godt regissert av alltid dyktige Åsskard Bygdekvinnelag. Dei sørga også for kyrkjekaffen.
Liam Eidsli Blekken og Oda Marie Ulriksen Bøe vart døypte – endatil med 9 år gamle Eiri Norshusstuen Blekken som solist i eine dåpssalmen.
Sokneprest Bernt Venås knytte preika til det å takke. Gjennom dagens takkoffer til gjevartenesta for omsorgsarbeid og trusopplæring i lokalkyrkja vart orda hans til konkret handling. Som postludium song Åsskard Kyrkjekor ein kantatesats av Bach over «Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte».
1965-konfirmantane var dagens heidersgjestar og møttest etterpå til hyggestund på Betania Bedehus – i regi av soknerådet. Gjensynet og mimrestunda over ungdomstid og konfirmanttimar hos daverande sokneprest Karl Jacobsen fekk det til å summe triveleg rundt borda. Velsmakande servering gjorde dessutan sitt til at dagen på alle vis vart vellykka.
Åsskardkyrkja var fint pynta til Hausttakkefest og dåp.
Dagens tema «Takk» - konkretisert i takkoffer til omsorg og trusopplæring.
«Geilkalvane» frå 1965 saman med dagens sokneprest Bernt Venås. Fremste rekkje frå venstre: Astrid (Åsgård) Vollan, Anne (Sollid) Berg, Marie Sollid, Jorid (Holten) Moen og Astrid (Wæge) Bævre.
Andre rekkje: Kari (Sæterbø) Aarnes, Borghild (Neergård) Betten, Ann Mari (Bøe) Berge, Liv Sigrun Bøe Fiskvik og Solrun (Bæverfjord) Enkerud. Tredje rekkje: Liv Birgit (Snekvik) Gravvold, Johanne (Sæterbø) Andersen, Kari (Snekvik) Sæther, Edel (Bøe) Mikkelsen og Gerd Gravvold Vikan. Gutane: Lars Jostein Bævre, Hermann Blekken, Ivar Bævre, Asbjørn Foss, Alf Magne Holten, sokneprest Bernt Venås og Jon Moen.
Gerd Gravvold Vikan (i midta) stilte like godt i konfirmantkjolen frå 1965 – sauma av stoff frå Hegseth-bua på Surnadalsøra og med pyntenåla ho fekk av gudmor Ragnhild Sættem! Kari Aarnes til venstre og Kari Sæther til høgre.
Tvillingsøstrene Marie Sollid (t.v.) og Anne Sollid Berg kosa seg på konfirmanttreffet.