hp1_200x300

Harry Potter for fullt hus

Surnadal Kino var blant kinoane som onsdag hadde norgespremiere på den siste Harry Potter-filmen. Dei siste ti åra har både barn og vaksne vorte store fan av J.K. Rowling sine fantastiske forteljingar både i bokform og på kino. No har vi kome til det siste kapittelet, den siste filmen i rekkja, ”Harry Potter og dødstalismanene – Del 2” og i den filmen tek vi avskjed med dette fantasifulle eventyret om unge Harry Potter sin kamp mot det onde. Axel Otnes (bildet) var blant dei mange forventningsfulle som møtte opp i kinolokalet Kammerset til premiereforestillinga i Surnadal.

På Surnadal Kulturhus var det mange premiereklare barn, ungdommar og ein del vaksne på plass.

Alle gledde seg stort på å få sjå den siste filmen av Harry Potter, men fleire meinte også at det er synd at eventyret no er slutt og det ikkje blir fleire filmar.

- Eg gler meg til filmen fordi eg synest Harry Potter er kul, seier Axel Otnes (bilde nr. 1) med eit breidt smil.

- I går såg eg nesten alle Harry Potter-filmane for første gongen, dei var veldig bra. Det er ganske dumt at dette er den siste filmen, det skulle gjerne vore fleire.

På spørsmål om han har lese bøkerne svarer han:

- Nei, det er kjedeleg å lese, eg skal halde meg til filmane.

Bjarne Østbø (bilde nr. 2) fortel at han er 10 år og han har sett den første av Harry Potter filmane, ein film han likte godt fordi han likar magi og eventyr med fantasi.

Han trur denne nye Harry Potter filmen blir minst like bra som den han har sett.

14-årige Tuva Edvardsen (bilde nr. 3) trur at Harry Potter er noko ho også kjem til å sjå når ho blir eldre.

 

- Det er ein kjempebra filmserie med mykje fantasi og eventyr, det passar både bra til ungdommar og vaksne.

Søstrene Anne Marthe Sogge og Mai Kjersti Sogge (bildet nr. 4)har heller ikkje lese bøkene, men dei meiner at Harry Potter-filmane er veldig bra.

- Det som ikkje er bra er at dette er siste filmen i serien! Begge seier at dei både gruer og gler seg til denne siste Harry Potter-filmen.

Dei gler seg til å sjå korleis denne magiske historia endar, men tykkjer samtidig at det er trist at det ikkje kjem fleire filmar.

Tekst/foto: Elise Einum