Halsa vgs1

Halsa vidaregåande - ny bok

«Historia til Halsa vidaregåande skole» er nyaste verk i Einar Oterholm sitt arbeid med å dokumentere institusjonar og bedrifter i Halsa. Boka føyer seg inn i ei rekkje – saman med båtbyggjarhistorie, kyrkjebok og fjorårets verk om husmorskulen. Laurdag presenterer han sitt nyaste opus under eit elevtreff i Stornaustet.

Bildet over: Forfattaren presenterte bokarbeidet på museet i Bøfjorden i sommar.

Oterholm startar breitt. Grundig gjer han greie for amtskule, fylkesskule, folkehøgskule, husmorskule (frå 1921) og som hovudsak altså Halsa vidaregåande skule.
Halsa vgs bok.png
Fyldig lokalhistorisk dokument av Einar Oterholm.   

Noko av stoffet hadde han også med i husmorskuleboka. Deler av bakgrunnshistoria er enda fyldigare i denne nye. Eit interessant poeng er at halsabyggen Peder Knudsen Vogland alt i 1854 oppfordra Romsdal Amts Landhusholdningsselskab til å starte husmoropplæring i distrikta. Han presenterte ein visjon som vart realitet, sjøl om han i starten møtte motstand.                 
Utviklinga av vidaregåande opplæring etter lova av 1974 er grundig omtala – med særleg vekt på Nordmøre. Halsa fagskule i husstell var eit skritt på vegen til formell vidaregåande skule.

Skulens siste fase, frå 1977 til nedlegginga i 2001, har forfattaren delt i tre bolkar: Starten (1977-83), mellomperioden (1983-94) og «Svanesongen» fram til 2001. Her gjer Oterholm systematisk greie for dei ulike undervisningstilboda og opplegg som sette Halsa-skulen i ei særstilling.           

Samtidig varierte elevgrunnlaget. Fylket som skuleeigar såg med strengt blikk på framtida. Utover 1980- og 90-talet var usikkerheta stor. Bygda, dei tilsette og institusjonen levde i otte for skulen. Stadige kom varsel om nedlegging, mest grunna fylkets økonomi. Gode lokale motargument og aktivt politisk arbeid gjorde at storm etter storm vart ridd av. Men sommaren 2001 var det slutt for godt.

Bygningane – både den klassiske hovudfløya som Edvind Strand bygde i 1939 og det spilder nye internatbygget - var det vanskeleg å nytte til andre formål. Halsa Mat viste interesse, og Halsa Herregård (Cypressen AS) var eigar ein kort periode. Vaagland Båtbyggeri leigde internatet til arbeidarbustader eit par år. Men varig framtid for bygningsmassen vart det ikkje. Mest aktivitet såg vi frå 2009 til 2011, da skulen var mottak for dei siste brukarane, rundt 30 asylsøkjarar. Så kom den dramatiske natta til 8. juli 2014, da den ærverdige skulen brann ned.

Dermed forsvann også eit bygg som i mange tiår var kulturhus i Halsa. Utanom vanleg skuledrift har kulturkveldar, delvis konsertar, stemne og større samkomster fylt den kunstprega stua og matsalen her.

All vesentleg historikk er med i boka på 180 sider. Og Einar Oterholm er grundig som alltid. For eksempel listar han opp namna på alle tilsette i ulike jobbar - frå starten som husmorskule i Straumsneset 1921 til nedlegginga av Halsa vidaregåande i 2001!

Foto heilt frå amtsskulens dagar til og med elevkursa dei siste åra løftar bokverket som skulehistorie og som populærlesnad. Her vil mange finne att både kjenningar og seg sjøl. (Men eg tykkjer formatet på nokre av plansjene med årskull frå Halsa vgs (1977-2001) er i minste laget og føler at eg skulle hatt lupe for å kjenne att folka.)

Saman med veteranar som Maren Ansnes, Bjørg Reiten og Torgunn Henden får nestor Gjertrud Aasbø heiderleg omtale for lang teneste i husmorskulen og vidaregåande. Gjertrud arbeidde her i heile 40 år.

Somme tilsette har skrive personlege minne i boka. Gjertrud Aasbø framhevar både det berikande i å kjenne så mange ungdommar gjennom skuleåra og det vemodige i å sjå at fortida gjekk opp i flammar i juli 2014. Harald  Bersås minnest at han som einaste mannlege lærar vart møtt med mistenkelege blikk av eldste dama i staben – ho kjente han ikkje og lura på kva ærend han hadde blant jentene på vevkurset! Maren Ansnes hugsa praksisplassen hos ein familie med 6 born. Kona spurte kor mange ungar Maren hadde. – Ein sønn på 20 år, svara ho. – Å stakkars deg, sa 6-barnsmora og såg medfølande på henne.

Altså: Ei bok med mykje og godt stoff.  Til utgjevinga har forfattarens bedrift Einar Forlag fått økonomisk stønad frå Halsa kommune, fylket, Nordmøre Historielag, Halsa og Tingvoll Gjensidige Brannkasse og Surnadal Sparebank.

Og laurdag det bokslepp på Stornaustet.

Halsa vgs2.png
Frå boka: Blomsteroppsatsar til avslutningsfesten 1984. Frå venstre Ingrid Foss, Rannei Bjørnstad og Sissel Rakvåg.
Halsa vgs3.png
Frå boka: Kjell Brevik, Inger Elin Røv, Hilde Rolland, Gunn Kjørsvik og Karina Ånesen øver på å stelle småbarn og sjuke under kurset 1998-99.​
Halsa vgs4.png

Dramatisk oppslag i Driva 1. september 1987. Men stormen gjekk over – denne gongen.Halsa vgs5.png
Surnadalingen Edvind Strand (innfelt) var byggmeister i 1939.

Halsa vgs6.png
Peder K. Vogland (1807-1885) hadde visjonære tankar om utdanning av «duelige og nyttige Husmødre».
 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe