Hadia Tajik pressefoto Arbeiderpartiet

Surnadal Arbeiderparti melder:

Hadia Tajik til Surnadal

Arbeiderpartiets nestleiar Hadia Tajik kjem onsdag til Surnadal for å bistå Surnadal Arbeiderparti i valkampen. 

Rogalendingen, som var kulturminister i Stoltenberg II-regjeringa frå 2012-2013, skal møte lokalpartiet sine listekandidatar ved kommunehuset onsdag klokka 16.00.

Deretter vert den profilerte 36-åringen med på Ap-stand utanfor Coop Extra Surnadal rundt klokka 16.45.

Tajik er utdanna jurist og journalist, og har tidlegare jobba i Dagbladet, VG og Aftenposten. Ho har vore stortingsrepresentant sidan 2009, og nestleiar i Arbeiderpartiet sidan 2015.

Onsdag vert ho altså å treffe i Surnadal.

 

Foto: Arbeiderpartiet sine pressefoto.

Surnadal Arbeiderparti er medlem av Trollheimsporten.