
Gutar på tur
Her rastar fire unge karar ved Svartvatnet på Nordmarka. Alle var med på årets siste fellestur i regi Bæverfjord i.l., og etter turen opp bakkar og myr gjorde det seg med ein pause oppe ved vatnet.
Stian, Kristian, Markus og Asbjørn tek ein velfortent rast i lyngen ved Svartvatnet.
Gutane let seg verken stoppe av blaute myrparti eller bratte bakkar og kom seg alle opp til Svartvatnet. Etter berre ein kort pause med eple og kjeks var dei også klare for tur ned igjen. I løpet av sommaren har mange barn vore med på dei organiserte turane til Bæverfjord i.l.. Mange barn går også for det årlege trimkruset, som ein må ha gjesta ti trimpostar eller meir for å få, eller gullmerke, som krev minst ti turar til same trimpost. Nokre få har allereie vore innom alle dei 17 trimpostane til idrettslaget!
Elles var ikkje oppmøtet på årets siste fellestur det beste. Det er seint på året,og folk er kanskje modne for andre typar fysisk aktivitet?