DSCN0980 - Kopi

Gullstrupesong i kapellet

Enda ein jubileumskonsert er avvikla i Øvre Rindal kapell i samband med 100-årsjubileet. Søndag kveld var det Kammerkoret Aurum frå Trondheim som gledde oss med gullstrupene sine, for dei levde verkeleg opp til namnet sitt! (Aurum er latinsk for gull).

Det var med stor stolthet Liv Ingrid Nordlund presenterte koret «sitt» for oss og takka for invitasjonen. Dirigent er Erling Neergård, og far hans er født i Rindal. Far hans igjen var organist i Rindal under krigen.

Koret bruka heile kapellet under konserten. Dei var mest framme i kordøra, men stod også bak i kapellet og på galleriet. Det gav sjølvsagt ein spesiell effekt.

 

Koret var sett saman av svært gode stemmer og dei 17 songarane dekte godt heile breidda til eit blandakor. Det er sjeldan at eit blandakor har fleirtal av mannsstemmer. Det gjorde at Aurum hadde ein solid botn i klangen.

 

Det var også stor spenst i repertoaret med fleire norske komponistar i lag med eldre europeiske som Claude Debussy og Henry Purcell.

 

Det mest spektakulære nummeret var dansken Per Nørgård sitt arrangement over tekster/lydar skrive av sveitseren Adolf Wølfli, som var schisofren og sat i einecelle på eit asyl og produserte 20 000 skrivne sider! Nummeret heitte Wie ein Kind: Wiigen-lied og var i alle fall ingen voggesong! Det var derimot avslutningssongen, Sleep, av Eric Whitacre ein roande voggesong der koret verkeleg gjekk ut i viskande decrescendo så svakt at siste «tonen» nærmast var eit pust.

 

Det var mange positive nikk og kommentarar frå lyttarane når dei forlet kapellet etter at kantor Daniel Bjørlo hadde takka koret for den fine konserten.

Det ser ut til at Kammerkoret Aurum også var fornøgd med konserten  -  og publikum!