Rindal kirke altertavle

Gudsteneste til gull!

Ikkje mindre blir det i Rindal kyrkje komande sundag kl.11. 50-års-konfirmantane er
spesielt invitert til denne gudstenesta og til felles samling etterpå. Tre jenter
skal døypast: Vilde Bolme, Thea Høston Løfaldli og Bente Hyldbakk. Nattverd blir det
òg. Preiketeksta er henta frå Lukas 18, 9-14 og handlar om tollaren og farisearen i
templet.
Eg kjem til å preike om kor drepande det er for sjølvkjensla om me stadig
samanliknar oss med dei som er finare, flinkare og meir populære enn oss. Når alt
kjem til alt, er det vel greitt nok for oss òg om me inntek tollaren sin posisjon,
ber om nåde og tèr oss deretter. Finst det noko som struttar av nåde for lite
verdige, må det vera nattverdbordet.

For dei som vil lesa preike- og lesetekst:

Likninga om farisearen og tollaren - preiketekst frå Lukas 18, 9-14.
Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus
denne likninga:
«To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar.11 Farisearen
stelte seg opp for seg sjølv og bad slik: 'Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener. Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: 'Gud, ver meg syndar nådig!'Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg
sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

Lesetekst frå Romarbrevet 3, Rettferd ved trua
Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. Dette er
Guds rettferd, som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er
det ingen skilnad,for alle har synda og manglar Guds herlegdom.Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.Han har Gud stelt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde.26 Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.