Gudsteneste på Røsta
Vidar Rygh heldt gudsteneste på Røsta på søndag, og mykje folk var møtt opp, cirka 70 stykk.
Oddveig Helseth Halle spela attåt salmane, og naturlegvis pre- og postludium.
Sverre Hatle var klokkar, og Erik Moen var medliturg og sørga for at skipsklokka signaliserte begynnelse og slutt.
Ein liten gut vart døypt i det gamle dåpsfatet frå siste halvdel av 17hundretalet frå Mo og Rindal sokn. Han fekk namnet Emil.
Sola skein slik passeleg, og folk kosa seg både under teltduken og attmed bord rundt omkring.
Preikenteksta var frå Markusevangeliet om å elska Gud og sin neste. Vidar fekk fram at kjærleik slik Jesus meinte han skulle praktiserast, var at vi skulle elska også dei vi er ueinige med - og til og med ikkje likar.
Etterpå vart det sal av rømmegraut, spekemat, pølser og bakels.
Tekst: Elisabeth Moen
Bileta er tekne av Sigrid Sundsbø, Liv Astrid Arntsen og Elisabeth Moen.