Gudsteneste på Kapellet
I dag var det familiegudsteneste i Øvre Rindal kapell med nattverd. 6-åringane var spesielt invitert for å få si kyrkjebok, noko som er nytt i Rindal. No finn du bilde og preika nedafor!
Høgtideleg innmarsj
Så vart alterbordet dekt.
Fleire bilde nedafor!
Prekentekst fra Mark 6,30-44
Apostlene samlet seg igjen hos Jesus og fortalte ham om alt de hadde gjort, og alt de hadde lært folket. Og han sa til dem: «Kom med meg til et øde sted hvor vi kan være alene, og hvil dere litt!» For det var så mange som kom og gikk at de ikke fikk tid til å spise engang.
Så dro de ut med båten til et øde sted for å være alene. Men mange så at de dro bort, og kjente dem igjen, og fra alle byene strømmet folk sammen til fots og nådde fram før dem.
Da Jesus gikk i land, fikk han se en mengde mennesker. Han fikk inderlig medfølelse med dem, for de var som sauer uten gjeter. Og han ga seg til å undervise dem om mange ting.
Det var nå blitt sent på dagen, og disiplene kom til ham og sa: «Stedet er øde, og det er alt blitt sent. Send dem fra deg, så de kan dra til gårdene og landsbyene her omkring og kjøpe mat.»
Men Jesus svarte: «Dere skal gi dem mat!» De sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpe brød for to hundre denarer, så de kan få spise?» «Hvor mange brød har dere?» spurte han. «Gå og se etter!»
Da de hadde gjort det, sa de: «Fem brød og to fisker.» Så sa han at de skulle la alle danne matlag og sette seg i det grønne gresset. Og de slo seg ned, rekke ved rekke – noen på hundre og noen på femti. Så tok han de fem brødene og de to fiskene, løftet blikket mot himmelen og ba takkebønnen, brøt brødene i stykker og ga til disiplene, for at de skulle dele ut til folk. De to fiskene delte han også ut til alle. Og alle spiste og ble mette. Etterpå samlet de opp tolv fulle kurver med brødstykker og fisk. Det var fem tusen menn som hadde spist.
Slik lyder Herrens ord.
Det er ikkje for lite, det du har å koma med. Kjem du med ein brødbit, kan det bli til mat for fem tusen karar. Har du litt fisk i tillegg, kan det bli til fem tusen damer også. Og gjerne nok til borna deira med!
Det er ikkje lite til under som skjer når Jesus opptrer som kokk – eller som Matkokarkjering. Han kan få til meir enn dette å koke suppe på ein spikar. Han kan få til alt – av ikkje noko.
For kva er vel litt brød og nokre småfisk, to brød og fem fiskar for å vera ganske nøyaktig? Det er ikkje meir enn til middag for ein liten familie. Og knapt nok det. Og her er det fem tusen karar som får mat. Pluss alle damene. Pluss alle borna.
Når Jesus får hand om ressursane, så blir det nok. Når Jesus får hand om det me har, blir det nok til alle. Nok mat – og nok velsignelse.
Han er ganske rar, han Jesus. Han velsignar det han får, og så blir det nok til alle.
Kvifor er Jesus slik? Kunne han ikkje vore hjartens enig med venene sine og gjort slik som dei foreslo: Få dei til å koma seg heim, sende dei avgarde så dei fekk kjøpt seg eitkvart å eta - .
Nei, Jesus kunne ikkje det. Fordi Jesus har for stort hjarta til å overlata nokon til seg sjølv. Han ser kva dei treng, heile denne folkehopen som er like stor som alle i Rindal, Surnadal og Meldal til saman.
Kva dei treng? Jau, dei treng mat. Og mat kunne dei for så vidt kunna kjøpe seg sjølv. Men så var det noko anna han ser, denne Jesus, som er slik laga at han nesten bèr hjarta utanpå kroppen: Han har inderleg medfølelse med dei fordi dei er som sauer utan gjetar.
Kva har me å koma med som me kunne gje til Jesus? Me har vel ikkje teke med oss så mykje niste når me skulle i kyrkja. Og ofrepengane er ikkje eigna anna enn til ofringa, sidan Nybø er stengt i dag.
Oss sjølve, då? Me kjem med oss sjølve. Me kjem med øyrene våre og hjarta vårt. Me kjem med livet vårt. Me kjem med alt me har både på godt og vondt.
Kva gjer så Jesus med oss når han får velsigna oss? Han er som ein hyrde for oss gjennom livet. Han tek vare på oss når me treng hjelp. Og det kan vera han gjev oss eitkvart av utfordringar også.
Me høyrde om at Jesus fekk til å stelle mat til heile Rindal og Surnadal og Meldal av to fisk og fem brød. I dag skal me feire nattverd. Jesus skal stelle mat til oss av bitte bitte små brød som heiter oblatar. Og ein bitte bitte liten skvett vin. Så skjer det eit under her i kapellet også: Dette blir til Jesu kropp og Jesu blod som er gjeve for oss til liv og saligheit. Til tilgivelse for synd og nytt liv, for å vera heilt nøyaktig.
Kven kan så ta imot Jesus? Me skal vita det heilt sikkert at ingen er for små eller for dumme eller for rare til å ta imot Jesus. Om nokon syns dei er for store eller for kloke eller for flinke til å kunne gjera det… Me må berre håpe det ikkje er slik - . Amen.
Tre seksåringar fekk 6-årsboka i kapellet. Neste søndag er det utdelig i Rindal kirke.
Fleire barn hjelpte trusopplæringsmedarbeidar Elsa Jensvold med å synge.
Nokre las i nyboka medan dei vaksne kosa seg med kyrkjekaffe.