Skjermbilde 2014-11-15 kl

Øvre Rindal kapell:

Gudsteneste med tre barnedåpar

Søndag var det gudsteneste i Øvre Rindal kapell. Nedafor kan du lese preika og sjå bilde av dåpsbarna Linnea Sande, Emilian Bye Halsetrønning og Theo Bye Børset med foreldre og fadrar.

Preika i Øvre Rindal kapell siste søndag i kyrkjeåret.
Mark 10,28-31

Da tok Peter til orde og sa: «Hva med oss? Vi har forlatt alt og fulgt deg.»

Jesus svarte: «Sannelig, jeg sier dere: Enhver som har forlatt hus eller brødre eller søstre eller mor eller far eller barn eller åkrer for min skyld og for evangeliets skyld, skal få hundre ganger så mye igjen. I den tiden som nå er, skal han få hus, brødre, søstre, mødre, barn og åkrer – men også forfølgelser – og i den kommende verden evig liv.

Men mange av de første skal bli de siste, og de siste skal bli de første.»

Me som er menneske, reknar oss sjølve for å vera ganske intelligente. Me er lure. Og er me lure, så veit me også noko om kva som lønner seg.

  • Lønner det seg å oppføre seg fint?
  • Lønner det seg å gjera leksene sine?
  • Lønner det seg å betale skatt?
  • Lønner det seg å gå med stillongs om vinteren?

Eg vil tru det er ganske mange slike “Lønner det seg ....?”spørsmål som fèr gjennom hovudet vårt i løpet av dagen.

Og spørsmålet er ikkje nytt. Endå til Peter som levde samtidig med Jesus, lurte på om det skulle lønne seg å vera i lag med Jesus. Og eg hadde så nær sagt: Endå godt at han spurte – så slepp me å gjera det: Lønner det seg å vera i lag med deg, Jesus?? Finst det nokon ekstra-premie å hente?? Kva med oss?? Me har forlatt alt og fulgt deg.

Men så kan me ikkje identifisere oss med Peter likevel. Han hadde forlatt alt for å fylgja Jesus. Fiskebåt og fiskebruk låg att, og karriera vart så heilt ansleis enn han hadde tenkt.

Det er vel ikkje så brukeleg korkje her i Rindal eller andre stader å forlate alt for Jesus. For dei fleste av oss vore det derimot aldeles uansvarleg å reise ifrå hus og heim, dyr og arbeid, bil og gjeld for å fylgja Jesus. Og kvar skulle me forresten reise?

Men altså: Lønner det seg å fylgja Jesus? På ein måte lønner det seg ikkje. Det er beint fram dumt å fylgja Jesus og på den måten stille seg lageleg til for hogg. For det er mange som syns det kan vera interessant å skulle måle og vega dei som bekjenner Jesus – held dei mål?

Jesus er ikkje noko for dei som søkjer komfort. Med Jesus i hjartet og livet, Jesus i bekjennelsen og erkjennelsen blir det fort til at me får noko høgare fallhøgde – om me likar det eller ikkje.

Det skjer ikkje noko verre med oss enn kva Jesus lova Peter: Det skal bli ganske bra på mange vis. Men enkelt blir det ikkje. Det skal bli forfylgjelsar, og folk skal stå deg etter livet fordi du trur på meg og bekjenner meg.

Og til slutt skal me i alle fall ikkje få reknestykket om kva som lønner seg til å gå opp: For då skal mange av dei siste bli dei fyrste og mange av dei fyrste bli dei siste.

Da blir det kanskje enklest for disse små fordi

de bare har et hjerte med sorg og glede i.

Me kan gjera tru og livssyn til eit stort kompleks av tankar og følelsar, teori og praksis. Det er ikkje med måte. Og i alle våre spekulasjonar må me gjerne ha det klårt for oss at me står aldeles likt uansett kva som måtte lønne seg elles i samfunnet.

Det kan endå til bli motsatt: At alle me har reist ifrå på ein eller annan måte likevel kjem før oss når me skal inn i den verden som Jesus kallar for komande. Og kjem me dit, kan me endå til stille Jesus spørsmålet vårt motsatt: Du Jesus, lønte det seg for deg at du satsa livet ditt på meg?

 


Linnea Sande med foreldre og fadrar.


Emilian Bye Halsetrønning med foreldre og fadrar.


Theo Bye Børset med foreldre og fadrar.