Guds vilje og vår uvilje
Det hender Guds vilje er tema. For oss fell det lett å vri dette til å bli Guds uvilje, - at Gud er ute etter å ta oss, liksom. Skal me vri innstillinga vår rette vegen, kan det vera lurt å gjera som ein nyfødt baby: Gapa, ta til seg og lata det stå til. Det kan vera me då kan sjå at vår plass i Guds vilje gjer oss godt. Berre godt. Preika for denne sundagen les du nedafor, nå også med bilde av dåpsbarnet:
Sundagspreika Rindal kirke 07.10.12.
Det var alt midt i høytiden da Jesus gikk opp på tempelplassen og begynte å undervise. Jødene undret seg og sa: «Hvordan kan han ha slik kunnskap, han som ikke har fått noen opplæring?» Jesus svarte: «Min lære er ikke min, men kommer fra ham som har sendt meg. Den som vil gjøre hans vilje, skal skjønne om læren er av Gud, eller om jeg taler ut fra meg selv.
Joh 7,14-17
Det var for 11,5 år sidan. På Føden, Orkdal sjukehus. Lars var bada mens eg vart sydd etter keisarsnitt. Så skulle eg få min fyrste baby i armane for fyrste gong.
Eg får Lars i armane – og så: Aldeles utan forvarsel tar barnepleiaren tak i puppen min og klyp til. For henne var det vel rutine å klype nye mødre i brystvorta, for meg var det …. kall det gjerne svært så uvant.
Men så lurt! Ho klyp og dreg, og der er puppen klargjort for å bidra med noko den aldri hadde vore brukt til før. Mjølkeproduksjonen var i gang, og Lars kunne berre ta for seg.
Eg har veldig sans for biletet Jesus brukar om born som skal arve Guds rike. Born er umiddelbare. Dei er seg gjerne ikkje bevisst at dei treng hjelp, men dei søkjer hjelp. Som nyfødte søkjer dei puppen så dei får mat. Born forstår veldig godt kven som vil dei vel. Dei er god på å kjenne att det som er godt.
Og desse er som eit førebilete for oss. Som ein nyfødt som søkjer brystet og tek til seg av den næringa han treng – slik kan me vera i møte med han som vil oss vel.
Folk som trødde på bakken samtidig med Jesus ville gjera tinga vanskeleg. Dei byrja å spørje etter kvalifikasjonar. Korleis kan Jesus ha slik kunnskap utan opplæring, spør dei.
Jesus peiker på han som er større. Jesus peiker på Farin, på Sjølvin og seier at læra kjem frå Gud. Og dette skal folk forstå, om det er slik at dei vil det same som Gud – om dei vil gjera Guds vilje.
Vanskelegare var det ikkje – ialle fall ikkje i fyrste omgang. Om me ikkje byrjar å problematisere og vri dette med Guds vilje, slik at det blir til Guds uvilje.
Gud er berre ute etter å ta oss. Han vil oss vondt. Han skal straffe oss. Han spionerer på oss. Og forresten: Kvifor er det så mykje vondt i verda – spør folk seg. Spesielt dei som er minst innstilt på å hjelpe andre enn seg sjølve.
Tenk dykk barnet som nett har kome ut. Det søkjer pupp og varme, mor og mat. Det søkjer utan atterhald, utan problematisering.
Guds vilje er ikkje uvilje. Guds vilje er godheit, å få mette oss med alle sine gode gåver. Fyrst og fremst at me skal kunne tru oss både ønska og elska. Fyrst og fremst at me skal kunne tru oss frelst og salige. Fyrst og fremst at me skal ta imot den hjelpa han byr oss.
På same måte som den nyfødte er hjelpeslaus utan hjelp, på same måte er me hjelpelause utan Gud. Same om me likar det eller ikkje - .
Dåpsbarnet Ina Lovise Bye Halsetrønning med familie (Foto: Olaf Karlstrøm).