Grunnlovsminnet i Stangvik

Med fellesgudsteneste i Stangvik vil kyrkjelydane i Surnadal søndag markere 200-årsminnet for grunnlova.

Etter gudstenesta, med både liturgisk og musikalsk innhald som mange vil kjenne seg att i, er det kyrkjekaffe og tilbakeblikk på grunnlovsåret 1814. Råg Ranes vil ta for seg dei historiske hendingane frå den gongen.

Den 11. mars 1814 samlast folk i daverande Stangvik prestegjeld  til messe og møte - på prins Christian Fredriks ordre. Dei røysteføre valde da  Martinus Larsson Brøske og Anders Larsson Kanestrøm som utsendingar til Molde, der seinare tre mann frå Romsdals Amt vart utkåra til Eidsvolls-menn.

Storstangvik-gjeldet omfatta den gongen bygdene langs båe sider av Halsafjorden heilt inn mot Todalen og Ålvundeidet.

Det er såleis venta godt frammøte til fellesgudstenesta denne søndagen.


Stangvik KORSKYRKJA frå 1784 a.jpg

Det var i korskyrkja frå 1784 stangvikgjeldingane samlast 11. mars i 1814.

Stangvik KORSKYRKJA frå 1784 b.jpg

Stangvik kyrkje frå 1897 a.jpg

Dagens Stangvik-kyrkje er frå 1897.

Stangvik kyrkje frå 1897 b.jpg

Tekst og foto er innsendt av Bernt G. Bøe