
Leserinnlegg!
Grevlingjakt i Trollheimstunnelen
”Opp blir ned og ned blir opp, og foran det blir bak”, syng Knudsen og Ludvigsen når dei skal forklare korleis det er å ha ein grevling i tunneltaket sitt. Forkjemparane for Trollheimstunnelen har tydlegevis funne sin grevling i Ola Hals og aksjonsgruppa for brualternativet. For medan brugruppa arbeider vidare med å synleggjere det dei meiner er det beste alternativet for ferjefritt samband over Todalsfjorden, møter dei ingen forståing og ei kald skulder hos tunneltilhengarane. Styret i Trollheimsunnelen forsikrar i Driva 8. juli oss om at ”... de ikke lar seg forstyrre av aksjonsgruppa for kort tunnel og bru”. I same avis oppsummerer ordførar Otnes eit møte med bruforkjemparane med at ”... Surnadal kommune holder fast ved Trollheimstunnelen” medan kommunestyrerepresentant Vikan tillegg tvilar på ”... hans [Hals’] motiv for å kjøre denne saken videre”.
Eg kan kanskje forstå at Trollheimstunnelen, som samla seg om tunnelalternativet sitt for ei god stund sidan etter mange års hardt arbeid, ser på dei som arbeider for brualternativet som forstyrrande ”grevlingar”. Mindre forståeleg er det at Surnadal kommune inntek ei slik avvisande haldning til eit alternativ som gir så mange klare gevinstar for trafikantar, næringsliv, turisme og miljø – utover det å gi ferja endeleg avløysing. At Surnadal kommune som einaste kommune heller ikkje har gitt aksjonsgruppa stønaden på 12000 kroner dei søkte om, er meir småleg og vel ikkje ”regionsenteret på indre Nordmøre” verdig.
”Toget er gått”, tykkjast å vere kronargumentet til dei som kjører ufortrødent på mot den 9,3 km lange tunnelen mellom Todalen og Ålvundeidet, som kanskje kan få prosjektstart først i 2018-2020. Har dei rett i det, at brualternativet vil forseinke og/eller fordyre prosjektet vesentleg, så har eg få problem med å gå inn for langtunnelalternativet. Har derimot aksjonsgruppa rett når dei – med referanse m.a. til fylkespolitikarar, bruekspertar og Vegdirektoratet – hevdar at dette er ein feil føresetnad, så pliktar vi å ta dei på alvor og utgreie dette vidare. Politikarane i Surnadal, Sunndal og på fylkesplan er spesielt forplikta til å arbeide seriøst og heilheitleg for det som totalt sett vil gi regionen den beste og mest framtidsretta samferdselsløysinga. Det er positivt å sjå at fleire av dei politiske partia no inn mot valkampen inntek ei opa haldning og ønskjer å finne ut kva som er realitetene i saka før dei gir sitt tilsagn til den første tunnelsalva.
Har vi viljen, trur eg òg vi kan finne evnen til å kunne realisere brualternativet innanfor dei tids- og kostnadsrammene som er skisserte for prosjektet. Men da må vi ikkje kaste bort tida på grevlingjakt.
Trond Skogseth