tp_leserinnlegg

Greinalaust!

Kommunestyret i Surnadal har vedtatt ruspolitiske retningslinjer. Mange i Surnadal har i tillegg arbeidd aktivt dei seinare åra for at alkoholomsetninga skal vere under god kontroll, og at ikkje til dømes laksefestivalen i alt for stor grad skal bli prega av fyll og rølp.

Men 12/5-2016 har kommunestyret markert at no er det nye tider. Bevillingshavarane som har fått kommunale løyve for ølsal, må sjå på at det skal vere gatesal av øl, med tilbydarar utanfrå. Og forslagsstillaren frå SP meiner tydelegvis at det er ei styrke for laksefestivalen, m.a. i søknader om offentleg støtte, at ølbryggeri no kan sjå fram til ølbodsal i Surnadal. At Høgre er frampå og støttar alkoholsalet, er inga overrasking. Høgre har aldri stått fremst i køen når det gjeld å fronte edruskap og folkehelse.

Men til fordel for ein trygg, familievennleg og folkehelsepositiv laksefestival er øl-vedtaket ikkje! Og dei ruspolitiske retningslinjene er det tydelegvis berre å gløyme!

Eivind Hasle
fylkesleiar i Actis,
Rusfeltets samarbeidsorgan i M&R